Dei skal stadfeste om musikkterapi verkeleg hjelper dei med alzheimers

ALZHEIMERSFORSKING: F.v.: Musikkterapeut Jorunn Bakke Nydal i Flora kommune, musikkterapeut i Bergen kommune Kathrine Dahle og stipendiat Ulvhild Færøyvik ved UiB. Ikkje med på bildet: Kristin Skau.

ALZHEIMERSFORSKING: F.v.: Musikkterapeut Jorunn Bakke Nydal i Flora kommune, musikkterapeut i Bergen kommune Kathrine Dahle og stipendiat Ulvhild Færøyvik ved UiB. Ikkje med på bildet: Kristin Skau. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Flora kommune deltar i ein av dei største forskingsprosjekta på Alzheimers i Norge.

DEL

– Både eg og Kristin Skau, som begge jobbar med musikkterapi her i Florø til dagleg, har sett korleis musikken verkar inn på det friske hos demente og alzheimerspasientar. Det gir dei betre livskvalitet, og hjelper med å lindre depresjon.

Det seier musikkterapeut Jorunn Bakke Nydal i Flora kommune. Men no skal erfaringane hennar, og alle andre som jobbar med musikkterapi, forskast på.

Lindrande musikk

– Tidlegare forsking har vist at den delen av hjernen som bearbeider musikk ikkje er råka av sjukdommen. Området i hjernen som blir mest råka når ein får alzheimers er hippocampus. Vi skal teste om det å lære musikk kan vere med på å bygge opp att noko av den. Hypotesen vi skal undersøke er om regelmessig musikkterapi over eitt år forbetrar livskvaliteten til dei som har alzheimers, seier stipendiat og prosjektkoordinator Ulvhild Færøyvik ved Universitetet i Bergen.

Forskingsprosjektet ho er med på er leia av Stefan Kölsch, og har fått støtte på 18 millionar kroner frå Noregs forskingsråd. Forskinga vil involvere 135 pasientar med Alzheimers, hovudsakleg frå Vestlandet. Flora kommune og hukommelsesteamet her har sagt seg villig til å vere med på ein slik prøveordning. Men dei treng deltakarar:

– Vi har lyst til å komme i kontakt med folk som har alzheimers sjukdom i ein tidleg fase, og som framleis bur heime, seier Færøyvik.

Stor belastning

Dei som deltar vil bli delt inn i tre grupper: Den eine gruppa vil få regelmessig musikkterapi. Den andre vil få regelmessig trim. Den tredje er kontrollgruppa. Det er vilkårleg kva gruppe ein fell innunder, men etter eitt år vil alle deltakarane få tilbod om musikkterapi.

Før studien byrjar og etter at den er ferdig, vil deltakarane gjennomgå ei MR-måling av hjernen. Eventuelle endringar som følge av terapien kan bli målt på desse testane etter 12 månader.

Ikkje berre er sjukdommen ei stor belastning for den einskilde, og for familien kring, men Alzheimers og demens har blitt eit aukande problem på verdsbasis. Kvart år kostar sjukdommen staten 28 milliardar kroner. Ein person med alzheimers kostar staten åleine 386.000 kroner året.

– Og vi reknar at kvar femte person over 80 år vil utvikle alzheimers. Sjølv om forskinga førebels ikkje veit korleis vi kan kurere Alzheimers, er det viktig å sjå korleis vi kan lindre mest mogleg, seier Færøyvik.

For å delta, kontakt Ulvhild Færøyvik på telefon 97651114/55586209 eller på ulvhild.eide@uib.no.

Artikkeltags