Motvind for vindkraft

LANG LISTE: Roald Naustdal var ein av svært mange skeptikarar under vindmøllemøtet i Bremanger. Heile 23 spørsmål ønskte han svar på frå NVE i samband med planane om anlegga i kommunen. Foto: Annbjørg Hauge Nygård.

LANG LISTE: Roald Naustdal var ein av svært mange skeptikarar under vindmøllemøtet i Bremanger. Heile 23 spørsmål ønskte han svar på frå NVE i samband med planane om anlegga i kommunen. Foto: Annbjørg Hauge Nygård. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

BREMANGER: Motstandarane dominerte fullstendig då NVE og Bremangerlandet Vindpark AS inviterte til folkemøte torsdag kveld.

DEL

Det mange var opptekne av, og stilte spørsmål ved, er kvifor det er naudsynt med store naturinngrep for å byggje gigantiske vindmølleparkar når vi frå før av produserer meir energi enn det vi har bruk for i Norge.

– Vi treng ikkje krafta for eige forbruk, men spørsmålet er korleis vi kan utnytte vindenergien til å utvikle samfunnet, var svaret frå Håkon Sandvik i Vestavind Kraft AS.

Han orienterte om vindkraftplanane til Bremangerlandet Vindpark AS på fjellområda aust for Steinfjellet mot Oldeide i Bremanger og nord for Berle, med høvesvis 17 og 14 vindturbinar, til ein prislapp av 1,5 milliardar kroner.

Positive ringverknader

– Ei slik utbygging vil gje ei rekkje positive lokale effektar. Grunneigarane og Bremanger kommune får kompensasjon i form av arealleige og eigedomsskatt, den lokale/regionale delen av investeringane vil ligge på mellom 10 – 25 prosent. Vindkraftanlegget vil dessutan gje bortimot 10 nye arbeidsplassar knytte til drift, desse arbeidsplassane vil igjen generere til større aktivitet i det eksisterande næringslivet både i anleggsfasen og vidare i driftsfasen. I tillegg vil utbygginga føre til ei varig oppgradering av vegnettet mellom Smørhamn og Oldeide og Oldeide-tunnellen, påpeikte Sandvik.

Uroa for ising

Dei positive ringverknadene av ei eventuell vindkraftutbygging var likevel ikkje overtydande nok til å snu stemninga blant dei mange tilhøyrarane på Havly torsdagskvelden. Fleire av dei frammøtte etterlyste realistiske bilete av anlegga, og det vart mellom anna uttrykt stor uro til problemet omkring ising. Alvar Melvær frå Sogn og Fjordane Turlag var særleg redd for følgjene av ising på Guleslettene.

– Dette er det viktigaste skiutfartsområdet i Flora kommune og deler av Bremanger, vi kan samanlikne Guleslettene med Nordmarka i Oslo. Området vil bli fullstendig ubrukeleg om vinteren som følgje av ising, hevda han.

Arne Olsen frå NVE forsikra at problemet med ising blir teke på alvor, og at alle tilhøve rundt ising blir klargjorde før eit prosjekt eventuelt går vidare.

Spørsmål om ansvar

Roald Naustdal stilte spørsmål om kva vindkraftselskapa gjer med forretningsplanane sine når Staten ikkje lenger stiller midlar til rådvelde som kunstig åndedrett. Til det svara Håkon Sandvik at Vestavind Kraft forheld seg til statlege forsikringar om å halde støttehjulet i gang.

– Vi har ingen garanti, men vi handlar utifrå det vi veit i dag, og det vi har grunn til å tru.

Fleire i salen ville også ha svar på kven som er ansvarleg for å fjerne installasjonane om anlegg blir tekne ut av drift ved ein eventuell konkurs.

– Skrapverdien av stålet er meir enn høg nok til å dekke utgiftene, dessutan blir det sett klare vilkår til tiltakshavar som sikrar nok kapital til å fjerne og rydde anleggsområdet, sa Arne Olsen.

Les fleire reaksjonar frå møtet i laurdagsutgåva av Firdaposten.

Artikkeltags