Florø Motorsport klubb Grovastøylen Martin Redal
Tarjei Langeland

Gir gass på Grovastøylen

Ungdommen i Florø Motorsport Klubb er klare for større utfordringar. No utvidar dei bana.
Publisert

Det har vore stor dugnadsaktivitet på bana til Florø Motorsport Klubb i sommar. Gravemaskinar i stor aktivitet har vore observert på området. Kva er det dei driv på med der oppe? Det tenkte vi at vi skulle finne ut av. Fotograf Tarjej Langeland og eg heiv oss i reportasjebilen og sette kursen ut av byen. Vel framme på Grovastøylen var dugnadsgjengen ganske riktig i full sving. Ei gravemaskin frå Solheim & Redal Maskin var i ferd med å grave seg inn i utmarka, medan nokre ungdommar hang rundt og så ut som om dei dreiv med førefallande arbeid. Vi gjekk ut av bilen for å drive litt gravejournalistikk.

LES MEIR HER: Sikker galskap

Mannen bak spakane i gravemaskina var Ole Jonny Redal, medan ungdommane viste seg å vere Martin Redal, og brørne Christoffer og Alexander Brandsøy Midtbø. Ungdommane hadde vore der heile veka å herja på med gravemaskin og anna utstyr. Han Ole Jonny var no eigentleg berre dreng til vanleg, kunne dei stolt fortelje. At han fekk lov til å handtere maskineriet i dag var ikkje regelen. Var det ikkje kjedeleg å bruke heile sommaren på å jobbe? Nei da, men når fotograf Tarjej spurde om ikkje dei kunne plukke fram syklane og køyre nokre rundar, slik at han fekk tatt bilde av dei, lyste andleta opp. Det var tydeleg at sjølv om det nok er greitt å jobbe, er det meir morosamt å køyre motorsykkel. Noko dei gjer med høg intensitet, stor fart, og full kontroll. Gutane har køyrd nokon rundar før.

Utfordrande
– Eg er imponert over ungdommen. No har dei vore her heile veka og jobba, og ikkje berre for at dei sjølv skal få større utfordringar. Dei jobbar for at alle skal få eit betre tilbod. Det er godt å sjå.

Det er Trond Midtbø som fortel. Ein av ildsjelane i klubben. Eg har nettopp spurt ham om kva han vil at eg skal fortelje om klubben og kva dei held på med i sommar, og dette er berre starten på ei lang utlegging om Florø Motorsport Klubb. Midtbø er så positiv og entusiastisk, at hadde eg ikkje hatt mi fulle hyre med å notere ned stikkord på blokka, hadde eg seriøst vurdert å kjøpe meg sykkel og melde meg inn i klubben sjølv.
– Vi held på å utvide bana. Den blir lenger, men det er ikkje det viktigaste. Det er at den blir meir utfordrande. Her blir det bratte bakkar, slake bakkar, og krappe svingar. Vi treng dette for å halde på medlemmane vi har, dra inn nye folk, og sikre framtida. Fleirtalet av dei i klubben er mellom 5 og 12 år. For å halde på medlemmene inn i ungdommen, frå 12 til 20, treng vi fleire utfordringar å by dei på. Det får vi nå.
 

Florø Motorsport klubb Grovastøylen Christoffer Brandsøy Midtbø

Florø Motorsport klubb Grovastøylen Christoffer Brandsøy Midtbø Foto:

Bit av kaka
Midtbø fortel at sjølv om dei nå utvidar området, er dei framleis berre i startfasen. Tanken er at det med tid og stunder skal bli eit motorsportsenter, med plass til alle typar motorsport der oppe på Grovastøylen. Blant anna har dei sett seg ut eit område på andre sida av vegen der det kan bli lagt til rette for bilkøyring. Men klubben merkar at kampen om sponsormidlane er hard for tida.
– Det er vanskeleg å konkurrere med fotballen og handballen, og det er kanskje ikkje så rart. Vi unner dei det, vi er ikkje misunnelege sånn sett. Vi er veldig takknemleg for dei midlane vi har fått. Bjerck og Brendø har vore til god hjelp. INC og Sparebanken Vest også. Men vi ser jo på skyteanlegget rett over vegen her, til fleire millionar kroner, og vi ser kva fotballen får av middel. Skateungdommen får eit nytt anlegg som kostar mykje pengar. Det er kjempeflott det, men vi håper at det snart er vår tur. Vi treng sårt friske midlar for å løyse ut spelemidlar som vi har fått tildelt.

Midtbø fortel at dei har fått tildelt 700 000 i spelemidlar, men for at dei faktisk skal få pengane må dei skaffe tilsvarande beløp sjølv, i tillegg til at dei må levere dugnadsinnsats som også skal kunne verdsettast til dette beløpet. Dugnadsinnsatsen er ikkje noko problem, men dei friske pengane er ei nøtt. Her er alle gode krefter velkomne til å bidra, ler han.

Florø Motorsport klubb Grovastøylen Christoffer Brandsøy Midtbø og Martin Redal

Florø Motorsport klubb Grovastøylen Christoffer Brandsøy Midtbø og Martin Redal Foto:

Eiga meistring
Det er ikkje konkurranse som står i fokus når medlemmane i Florø Motorsport Klubb fyrer opp motorsyklane. Her er det eiga meistring som er det viktigaste. Ingen skal føle seg pressa til å køyre fortare enn det dei føler seg trygge på. Alle aktivitetsleiarane er kursa av Norsk Idrettsforbund, og dei er veldig opptatt av at det skal vere kjekt å vere der. Midtbø forteljar at dei eldre ungdommane hjelper til med å lære dei yngre barna kva dei skal gjere, og at barna synest dette er stor stas.
– Det finaste er når dei aller minste sette seg på sykkelen for første gang. Nervøse og skjelvne. Og så få sjå korleis augo lyser på dei når dei får det til. Det er utruleg kjekt å sjå på. Det er ei veldig familieorientert aktivitet. Her må foreldra vere med, i kvart fall til ungane blir 16 år. Her blir dei sette i sving som flaggposter, og etterpå skravlar vi, og eter is og pølser, ler Midtbø, og legger til at det er fleire foreldre som har kjøpt seg sykkel for å køyre i lag med ungane.

– Men er det ikkje farleg? Hender det at nokon skader seg?

– Det er ei risikosport dette her. Vi har sjølvsagt hatt uhell, og ambulansen har vore her, men vi har ikkje hatt alvorlege skader. Med tanke på kor mange timar vi køyrer er det utruleg sjeldan at det skjer noko. Det heng saman med det eg sa. Ingen skal køyre fortare enn det dei kjenner at dei meistrar, og alle må bruke verneutstyr. Det er ei trygg sport. Det er ikkje farleg!

Noko for deg?
Lurar du på om dette er noko for deg har klubben syklar til utleie slik at du kan teste ut løypa og sjå om du får adrenalinet til å vakne. Aldersgrensa er 5 år, og her er alle hjarteleg velkomne. Gutar og jenter, kvinner og menn. Det er berre å ta turen. Trond Midtbø og dei andre i klubben tek garantert godt i mot deg.

LES MEIR HER: MC-stjerne til båtmessa

Artikkeltags