Fleire pålegg etter Interpol-leia tilsynsaksjon på norske skip

INSPEKTØRAR: I løpet av oktober månad blei det gjennomført 87 tilsyn på skip i Norge og på norskregistrerte skip i utlandet.

INSPEKTØRAR: I løpet av oktober månad blei det gjennomført 87 tilsyn på skip i Norge og på norskregistrerte skip i utlandet. Foto:

OSLO: Under den Interpol-leia aksjonen «30 days at sea» har inspektørar frå Sjøfartsdirektoratet avdekka 23 moglege brot knytt til miljø.

DEL

I løpet av oktober månad blei det gjennomført 87 tilsyn på skip i Norge og på norskregistrerte skip i utlandet. 23 av tilsyna har resulterte i anten pålegg om utbetringar, eller avdekking av forhold som kan føre til lovbrotsgebyr.

Det blei også gjennomført 45 søppel-inspeksjonar, og her blei det gitt hele 17 pålegg relatert til søppelhandtering. Vidare blei det avdekka fire ulovlege utslepp av olje frå skip i oktober, samt et utslepp frå ein offshore-installasjon. Utslippa sin storleik varierte frå nokre få liter og opp til 500 liter marin diesel som det største. To av desse sakene er av ein slik karakter at det blir vurdert sanksjonar ovanfor reiarlaget.

Under den internasjonale tilsynsaksjonen blei det i Norge gjennomført 23 svovelkontrollar, der ein av kontrollane er meldt inn som mogleg brot på svovelreglane. Dette kan resultere i lovbrotsgebyr dersom mistanken om brot på svovelregelverket blir stadfesta gjennom prøver som er tekne under kontrollen.

– Dette viser at det gir resultat når fleire etatar jobbar saman, også på tvers av landegrenser. Dette er også første gang at Sjøfartsdirektoratet har gjennomført så mange tilsyn retta mot moglege miljøvernsbrot i ein konsentrert periode. Når vi også neste år set fokus på miljø vil det nok også vise att både på tilsynsaktivitet og funn knytt til dette, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

Artikkeltags