Du bør tenke deg om to gonger før du prøver podens nye ståbrett. Det er nemleg dei vaksne som skadar seg på det.

Desse bretta har blitt meir og meir populære i det siste.

Desse bretta har blitt meir og meir populære i det siste. Foto:

FLORØ: Fleire har gått på ein alvorleg smell etter ståbrett-boomen.

DEL

Etter at aldersgrensa for hoverboard, eller ståbrett, blei oppheva i april har bruken av dei elektriske køyretøya tatt helt av blant barn og unge.

Forsikringsselskapet Tryg har registrert fleire ulykker, og det er ikkje dei du trur som er blitt skadde.

– Vi har vore førebudd på at det ville komme ulykker, men er overraska over at det er godt vaksne som skader seg, og det alvorleg. I éin sak fall vedkommande i 40-årsalderen stygt på eit ståbrett, og blei påført alvorlege skader. Vi har fleire tilfelle der godt vaksne har skada seg alvorleg, seier Espen Opedal, leiar i Tryg Forsikring i ei pressemelding.

Foreldre vil gjerne prøve

Dei små elektriske køyretøya har vore i handelen nokre år, men i vår har etterspurnaden eksplodert. Kvaliteten har blitt betre og fleire modellar er på marknaden. Ståbrettene toler over 100 kilo, og mange foreldre vil gjerne prøve for å sette seg inn i korleis de verkar.

– Det er faktisk vanskelegare enn det ser ut til, og vi åtvarar mot å ta lett på desse bretta. Vaksne som prøver det for første gang bør halde seg fast, gjerne i ein annan vaksen eller i eit rekkverk. Det er påfallande at barn og unge ser ut til å beherske ståbretta betre enn mange vaksne, seier han.

Ikkje eit uskyldig leiketøy

Dei motoriserte bretta er likestilt med syklar i trafikken, og kan følgjeleg nyttast deretter. Ståbretta er no så vanlege at ein trygt kan seie det herskar ein ståbrett-feber over heile landet. Først og fremst blant ungdom, men også barn i svært ung alder har teke dei i bruk. Forsikringsbransjen er bekymra.

– Sidan aldersgrensa forsvann ser vi no barn heilt ned i seksårsalderen på motoriserte brett, og mange utan hjelm. Det bekymrar oss, då barn generelt ikkje har utvikla den same trafikkforståinga som eldre ungdommar. Dette er ikkje eit uskyldig leiketøy, men kan forårsake stor skade. Foreldre bør sørge for at barna får øvd seg lenge og grundig på ein trygg stad før dei får dra ut på eiga hand, seier Opedal.

Mange utan hjelm

10. april i år blei aldersgrensa på små, elektriske køyretøy som el-sparkesyklar, ståbrett og ståhjulingar oppheva av styresmaktene. Ståbrett som blir seld i Norge skal ikkje kunne gå fortare enn 20 km/t. Men det er ikkje krav til hjelm eller beskyttelsesutstyr.

– Så ser vi at mange unnlét å bruke hjelm eller anna sikkerheitsutstyr, og det er ikkje bra. Skulle ulykka vere ute og ein fell av er det små marginar om man treff noko med hovudet først eller ikkje. I tillegg er det å bremse eit ståbrett i fart langt meir krevjande enn å bremse med ein tråsykkel, seier Opedal.

Artikkeltags