Shakir Khan og Jamal Shah
Esa Kano

Dei fann tryggleik i Norge

Jamal og Shakir
Av
Publisert

Møtest på Midten «Tenn lys» strøymer ut frå eit klasserom. Lokala er pynta med julekuler, hjarte, lenker og ballongar. No er det førebuing til fest og herleg matlukt siv ut frå kjøkkenet. Rett nok ikkje typisk duft av norsk julemat, men det blir festmat med samosa, vårrullar og mykje anna spennande.

Avviste Taliban

To gutar held på å pynte juletreet. Det er Jamal Shah og Shakir Khan. Dei er begge einslege mindreårige asylsøkarar frå Afghanistan. "Faren min nekta å arbeide for Taliban og dermed tok dei han og brann ned huset vårt. jamal shah einsleg mindreårig asylsøkar

– Kva skal de gjere på i jula?

– Vi har ingen planer, men den 24. desember skal vi vere med på felles julefeiring i regi av Frelsesarméen. Den 31. desember skal vi sjå på fyrverkeri.

– Kvifor kom de til Norge?

– Faren min lagde mat til det afghanske politiet. Det likte ikkje Taliban, som heller ville at han skulle lage mat til dei. Men far min nekta å arbeide for Taliban og dermed tok dei han og brann ned huset vårt. Onkelen min melde det til politiet og vart skoten av Taliban, fortel Jamal.

Åt bark og papir

– Det er ikkje trygt for oss å bu i Afghanistan, seier Shakir. Begge foreldra hans blei drepne av Taliban. Sjølv måtte han flykte ut av landet. Han gjekk til fots gjennom ein skog. I fleire veker gjekk han medan svolten gnog. Det einaste han fekk tak i å ete var bark og papir.

– Korleis er det å leve utan foreldre og familie?

– Eg skulle sjølvsagt ønske at eg kunne leve med familien min, lage mat og ete saman med dei. No bur eg med andre ungdommar i bufellesskap. Dei er min familie no. Dersom eg treng råd, har eg ingen foreldre å snakke med. Det saknar eg, seier Jamal.

Shakir fortel at han har nokre norske venner som hjelper han. Han har også lærarar som hjelper han.

– Så eg har det bra her i Norge, sjølv om eg ikkje har familie rundt meg, seier Shakir.

Før dei kom til Florø budde dei i Ulsteinvik. Der hadde dei kontakt med norske familiar. Det var veldig godt, fortel dei.

– Kva for framtidsplanar har de?

– Først må eg fullføre norskkurset slik at eg kan forstå folk rundt meg godt. Deretter vil eg bli mekanikar, seier Shakir. Norge er bra for dei unge Jamal har fleire ønske for framtida. Han vil bli ingeniør og vil hjelpe folk.

– Kva er forskjellen mellom livet i Afghanistan og i Norge?

– Livet er mykje betre i Norge. Her er eg fri. Det er ikkje krig, og folk behandlar meg fint. I Afghanistan er det vanskeleg å finne seg arbeid og mat, seier Shakir.

"Eg skulle ønskje eg kunne leve med familien min, lage mat og ete saman med dei."

Jamal Shah

– Eg føler meg trygg i Norge. Folk er snille med meg. Eg elskar Norge og er takknemleg for alt eg har fått til her, seier Jamal. Han synest det er gode forhold for unge i Norge. Landet har eit godt skulesystem med barnehage, obligatorisk grunn skule og alle har rett til vidaregåande skule. Sjølv gjekk han berre to år på skule i Afghanistan – han byrja tidleg å arbeide saman med faren sin i eplehagen deira. Der plukka dei eple som dei selde.

 – Kva gjer du for å integrere deg i det norske samfunnet?

– Eg trenar på helsestudio og er mykje ute og snakkar med nordmenn. Dessutan ser eg på nyheiter, seier Jamal.

Begge gutane har funne seg godt til rette her i Florø og håper at dei får bu her framover.

Fakta

Nasrudin fekk nei

Nasrudin Ghaffori seier han tasta feil då han registrerte seg på Facebook. Den feilen vart skjebnesvanger.

– Etter at bror min vart drepen av Taliban ville mor mi at eg skulle reise til ein stad kor eg kunne få ei betre og tryggare framtid, seier Nasrudin Ghaffori (18) frå Afghanistan.

Nasrudin Ghaffori, 18 år.

Nasrudin Ghaffori, 18 år. Foto:

Tenker på mor

– Eit kvart resultat startar med å prøve. Difor prøvde eg å endre framtida mi. Det tok seks månader å kome seg fra Afghanistan til Norge til fots, med båt og bil. Det var ei tøff reise.

Nasrudin er uroa fordi mor hans er gammal og har opplevd mykje vondt.

– Sidan eg kom til Norge har eg berre snakka med henne to gongar. Eg har prøvd å ringe utan å få kontakt. Eg tenker på henne og heimlandet mitt heile tida.

– Kvifor trur du at du har fått nei til opphaldsløyve?

– På grunn av uflaks. Norske myndigheiter trur ikkje på papira frå heimlandet mitt, der det står at eg er fødd i 1998. Det står ein annan fødselsdato på Facebook på grunn av ein feil då eg registrerte meg. Lite visste eg at den datoen skulle kome til å bety så mykje. Dei meiner at identitetspapira mine er ikkje tilstrekkeleg pålitelege, rister han oppgitt på hovudet.

Sjølv om broren vart drepen meiner ikkje norske myndigheiter at Nasrudin treng vern.

– 21. desember har eg fått som utreisedato og beskjed om å forlate Norge, seier han stilt og ser ned.

– Kva er skilnaden mellom livet i Afghanistan og Norge?

– Eg kjem frå Baghlan-regionen; eit svært farleg område. Norge er trygt. Og det afghanske samfunnet tillet ikkje kvinner same fridom som menn. Norge har likestilling, fortset han.

"I Afghanistan jobbar barna like hardt som vaksne, det er kampen for det daglege brød. I Norge er barna heldige, dei får ha barndommen sin i fred."

 Nasrudin Ghaffori

Sit på vent

For å overleve i desse områda må barna kombinere skule med arbeid. Han beskriv det å gå på skule som å vere i ei anna verd, ei verd der nokon bryr seg og du kan vere barn.

– Men barna jobbar like hardt som vaksne, for kampen for det daglege brød er viktigare enn alt anna. I Norge er barna heldige, dei får ha barndommen sin i fred, peikar han på.

Dessutan må ein i Nasrudin sin region bruke mykje tid på å finne vatn.

– Mangel på vatn er ikkje akkurat eit problem her, smiler han.

Han trivast med skulegongen i Norge og seier han føler seg trygg.

– Korleis ser du på framtida?

– Det er vanskeleg å svare på no, eg er svært usikker på kva framtida bringar. Akkurat no har eg verken pengar, hus, jobb eller pass, så det er vanskeleg å drøyme om store ting. Men livet er som å sykle. For å halde balansen må du stadig fortsette framover, filosoferer han.

Han drøymer om å bli ingeniør, men er fleksibel og klar for andre yrke dersom det krevst.

– Eg drøymer om å etablere meg ein stad slik at eg kan byrje å lære og jobbe, kort og godt starte livet mitt. Slike ting som alle menneske drøymer om, avsluttar han tankefullt.

– Akkurat no sit eg berre på vent.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken