- Vi har ikkje hatt mobildekning i Svelgen sentrum sidan laurdag. Vi er avhengige av telefon for å kommunisere mellom dei tre bilane våre og ikkje minst, vi taper pengar på at kundane ikkje får fatt i oss, seier Elsa Johanne Sande Hauge.
Ho har fått vite at Telenor manglar ein del som skal sendast får Oslo, men i løpet av tre dagar har dei ikkje greidd å frakte den over fjellet til Svelgen.
- Eg kunne gjerne ha henta den i Oslo sjølv, presiserer ho.