Fiskeriministeren besøkte Sogn og Fjordane-standen og gjekk gjennom modellen av Stad skipstunnel.
- Vi er i rute i forhold til Norsk Transportplan, og regjeringa skal snart fatte ein beslutning, sa fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen, til forkjemparane for Stad skipstunnel på Nor-Fishing i Trondheim i dag.
Fiskeriministeren blei godt mottatt på Sogn og Fjordane-standen, som har satt opp ein modell av Stad skipstunnel.
- No har regjeringa eit godt nok beslutningsgrunnlag, sa Berg-Hansen, og viste til rapporten som styringsgruppa for Stad skipstunnel overleverte til fiskeri- og handelsministeren tildlegare i sommar.
SINTEF slo i sin rapport våren 2012 fast at skipstunnelen er eit samfunnsøkonomisk lønsamt prosjekt.
Prosjektansvarleg i styringsgruppa for Stad skipstunnel Ottar Nygård, og prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad er strålande fornøgd med at fiskeriministeren tok seg tid til eit besøk på standen.
– Det var sporty av Lisbeth Berg-Hansen, spesielt med tanke på at ho tidlegare har fått mykje pes frå media, sa Nygård.
– Fiskeriministeren var åpen for våre standpunkt, og er svært positivt innstilt, seier han.