- Mineralindustrien er ikkje den nye oljen

PÅ SVIKTANDE GRUNN: Ola Elvestuen og Sveinung Rotevatn besøkte Vevring før helga, her er dei på Engebøfjellet der dagbrotet er planlagt. 3050 meter av toppen skal fjernast. Nede ved fjorden ser du bygda Vevring                 og delar av det planlagde sjødeponiet. Foto: Heidi Hattestein

PÅ SVIKTANDE GRUNN: Ola Elvestuen og Sveinung Rotevatn besøkte Vevring før helga, her er dei på Engebøfjellet der dagbrotet er planlagt. 3050 meter av toppen skal fjernast. Nede ved fjorden ser du bygda Vevring og delar av det planlagde sjødeponiet. Foto: Heidi Hattestein

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Fellesskapen får vesentleg lågare skatteinntekter frå mineralnæringa kontra oljeindustrien.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

NGU (Norges geologiske undersøkingar) har berekna verdien av mineralressursane i Norge til 2500 milliardar kroner. Men kven kjem til å tene seg rike?

Lågt skattetrykk

Per i dag har mineralnæringa låg profittmargin samanlikna med oljeindustrien. Det speglar seg i skattetrykket. Oljeskatten er 50 prosent, medan mineralskatten er 0,5 prosent. Dagens gruveindustri toler ikkje eit høgare skattetrykk utan å miste lønsemda.

I tillegg kjem spørsmålet om kvar massane skal deponerast. Nordic Mining ønskjer å dumpe dei på billigsal i fjorden.

Då sit ein igjen med følgjande scenario: Fellesskapen får minimale skatteinntekter, eigarar utanfrå tek fortenesta, og folk lokalt må bere miljøkonsekvensane.

Verdiane forsvinn ikkje

- Dersom Nordic Mining ikkje klarer å få positivt rekneskap med å deponere massane på land, eventuelt på ein annan trygg måte, bør politikarane seie nei. Det er einstydande med at det ikkje er økonomi i prosjektet. Miljøkrav må vere ein del av marknadsprisen, seier Sveinung Rotevatn (V), stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane.

- Viss sjødeponi er einaste måten å få lønsemd i prosjektet, bør minerala bli liggande i fjellet enn så lenge, held han fram.

Når mineralprisane går opp, noko dei mest sannsynleg kjem til å gjere i takt med etterspurnaden på verdsmarknaden, kan det bli lønsamt å bruke massane på andre måtar, for eksempel til dikebygging i Nederland.

På besøk i Vevring

Fredag stilte Venstre mann- og kvinnesterke i Vevring. Sveinung Rotevatn kom saman med Ola Elvestuen, nestleiar i Venstre og leiar i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget. I tillegg var lokallagsleiar Øystein Djupevik og fylkeslagsleiar Gunhild Berge Stang til stades.

At Venstre er imot sjødeponi bør ikkje overraske nokon. Men partiet er for gruvedrift.

- Mineralindustrien kan skaffe mange arbeidsplassar i Norge. Men vi må ikkje skylje babyen ut med badevantet. Viss vi droppar miljøkrava, kjem gruvearbeidsplassane i konflikt med andre arbeidsplassar, til dømes i oppdrettsnæringa. Vi må klare å få til ein sameksistens mellom fornybare ressursar som fisk, og ikkje fornybare ressursar som mineral.

- Bør ein vente til mineralprisane blir høgare også med tanke på å auke skattetrykket?

- Det er ikkje noko poeng i å skatte næringa ut av landet. Då blir det uansett null til fellesskapen. Mineralindustrien vil aldri få same absurd høge profittmargin som olje. På den andre sida ser eg ingen grunn til å gå på akkord med miljøkrava for å hente ut minerala fortast mogleg. Minerala vil neppe miste verdi sjølv om dei blir liggande litt lenger, seier Rotevatn.

Artikkeltags