Gå til sidens hovedinnhold

Millionane trillar i Kalvåg

Artikkelen er over 16 år gammel

BREMANGER: Prislappen på Bremanger Bu og Servicesenter stig stadig. Den har passert 67 millionar mot budsjettert 41 millionar.

Til no er det brukt 67 millionar på sjukeheimsombygginga i ytre Bremanger, og rekneskapen er enno ikkje avslutta.

Ordførar Kåre Olav Svarstad er meir fortvila enn nokon gong. Den nye sjukeheimen er blitt 22 millionar dyrare enn den var kalkulert til. Ombygginga skulle ha kosta 41,2 millionar kroner, i mai i år var prisen utan forvarsel komen opp 61 millionar. Medrekna utgiftene til ei alternativ planlegging av sjukeheim på Hauge og omsorgsbustader i Kalvåg, utgifter som tidlegare var innbakte i prosjektet, var saldoen på byggekontoen då på 65 millionar. Den nye sjukeheimen vart overlevert og offisielt opna 1.april, og når vi no snart skriv oktober månad, kunne vi kanskje forvente oss at sluttrekneskapen var framlagd for lenge sidan.

Må ta opp lån

Men saldoen på byggekontoen stig framleis.

– I følgje økonomisjef Reidar Håvardstun hadde vi før helga passert 67 millionar kroner, stadfestar Kåre Olav Svarstad, som no er utolmodig etter å få dei endelege tala på bordet.

– Dette hastar, vi må snart få vite kor mykje vi må legge inn i budsjettet for neste år. Vi skal ha det første møtet i finansutvalet den 7.oktober, og då bør vi ha fakta på bordet, seier han vidare.

For å dekke inn dei store overskridingane, må Bremanger kommune ta opp eit nytt stort lån, som vil tyngje hardt på eit allereie alt for stramt driftsbudsjett.

Dugnad

Den nye sjukeheimen har etter ombygginga fått 33 einerom, fordelte på tre einingar. Bygget har ei samla golvflate på 3.500 rutemeter, og byggearbeidet har omfatta alle rom. Det er også investert store summar i nytt møblement og utstyr. Då sjukeheimen vart overlevert i april, stod det framleis att mykje arbeid, særleg på uteområdet. Ein del er blitt gjort sidan, men det som no står att, har Kalvåg Bygdelag teke på seg å setje i stand gjennom dugnad.

– I samarbeid med Bremanger Bu-og Servicesenter og kommunen har vi vedteke å gjennomføre ei dugnadsøkt no i haust, og ei til våren, fortel leiaren i Kalvåg Bygdelag, Alf-Haakon Harlem.