Tidlegare i år var dei på kurs hos TV BRA i Bergen og i Media City. No er dei klare for premierefest. Miljøhuset er det nye regionalkontoret til TV BRA i Sogn og Fjordane. I dag kjem det første programmet.

May Cecilie Valvik og Kristine Melvær er dei nye reporterane til TV BRA, og no er dei tilbake i Bergen og klare for premierefest. I dag er det nemleg premiere på BRA SENDING, som er eit fast magasin som TV BRA skal sende kvar månad framover, og det skal markerast med snorklipping og stor bravur. Det blir Vestlandets første TV-sending av- og for utviklingshemja.

Firdaposten intervjua dei nye journalistane på Miljøhuset tilbake i februar, og då var dei klare på at den første dei ville intervjue var ordførar Ola Teigen. Det har dei no gjennomført, og resultatet får vi sjå i dag. Ordføraren fekk mellom anna spørsmål om det er kjendisar i Florø, og kanskje får vi vite kva ein ordførar eigentleg driver med.

Det vil bli sendt ein reportasje frå Florø ein gang pr. månad i tida framover.