Miljødirektoratet seier nei til sjødeponi

Landanlegget til Nordic MIning- gruveavfallet er tenkt plassert på fjordbotnen.

Landanlegget til Nordic MIning- gruveavfallet er tenkt plassert på fjordbotnen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Fagdirektoratet for miljø rår regjeringa til å seie nei til sjødeponi i Førdefjorden.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Dei miljøfaglege omsyna tilseier at innvendingane mot planane om deponering av gruveavfall i Førdefjorden i Sogn og Fjordane, bør takast til følgje, meiner Miljødirektoratet.

Dei viser til at det er regjeringa som skal avgjere saka politisk.

Nordic Mining ASA søkjer godkjenning på sin reguleringsplan for Engebø, og den er vedtatt av Naustdal kommune og Askvoll kommune.Fiskeridirektoratet region Vest fremja innsigelse til reguleringsplanen. Saka blei sendt til dåverande Miljøverndepartement for endeleg avgjersle..

Departementet ba dåverande Klima- og forurensningsdirektoratet og Direktoratet for naturforvaltning komme med ein uttale og tilråding. Departementet ba etter det Nordic Mining om ytterlegare opplysningar om fem ulike punkt før endeleg avgjerd..

Planavdelinga blei i 2013 flytta til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dei er overordna planmynde, som skal gjere den endelege avveginga i denne saka.

Nordic Mining sende 30. september 2014 si tilbakemelding og rapport frå tilleggsundersøkingane og Kommunal- og moderniseringsdepartementet sende den nye dokumentasjonen på høyring til berørte departement.

Klima- og miljødepartementet ba i brev av 15. oktober om Miljødirektoratet si vurdering. Dei har har også vurdert tilleggsinformasjon fra Havforskningsinstituttet. Dersom Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner reguleringsplanen, kan miljømyndigheitene behandle søknaden frå Nordic Mining etter forureiningslova.

- Undersøkingane av straumforhold og partikkelspreing viser at sannsynligheit for partikkelspredning ut av deponiområdet er liten. For de fleste artane og naturtypane som kan bli berørt, anser vi at effekten ikke vil ha kritisk betydning for bestandene nasjonalt. Imidlertid vil tiltak kunne få vesentleg negativ effekt for kysttorsk og ål, pigghå og blålange. Undersøkingane viser at det er registrert at raudlisteartar som blålange og pigghå og sannsyneigvis har dei gyte- og oppvekstområde i det planlagde deponiet. Deponiet vil fjerne gyteområdet for blålange, som er det hittil einaste kjente kystgyteområdet. Det er usikkert kva effektar fjerning av Førdefjorden som gyte og oppvekstområde vil ha for bestandsutviklinga for desse artene på nasjonalt nivå. Vår vurdering er at et deponi vil kunne få reell betydning for bestandsutviklingen for disse raudlisteartene i Førdefjorden. Det er generell kunnskapsmangel om arter og naturtyper i marine områder og derfor vanskelig å gje eksakte vurderingar om effekten av menneskeleg påverknad, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

For ål, som er kritisk truga og for kysttorsk, mangler ein kunnskap om korleis deponiet vil påvirke vandringsmønsteret. Dersom dei blir påvirka, er det sannsynleg at det vil ha effekt på bestanden. Fjorddeponi inneber også at fjordøkosystemet vil kunne forringast. Miljødirektoratets vurdering er at etablering av sjødeponi i Førdefjorden vil kunne føre til at forvaltningsmålene i naturmangfoldlova for desse fire artane ikkje kan nåast.

- På grunn av usikkerheita knytt til effektane for raudlista artar, meiner vi føre var-prinsippet i naturmangfoldloven bør tilleggest vekt, seier Hambro.

I den endelege avgjersla, som skal gjerast av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, skal dei negative miljøkonsekvensane avvegast mot nytteeffektar av tiltaket.

Artikkeltags