Dei vil fyre opp under klimaengasjementet ditt og smelte plast

GreenPlastic UB - her representert ved f v Johanne Grønnevik, Viljar Svare Ødelien og Njål Eliasson.

GreenPlastic UB - her representert ved f v Johanne Grønnevik, Viljar Svare Ødelien og Njål Eliasson. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Elleve stykker i ungdomsbedrifta GreenPlastic vil revolusjonere måten vi tenker på om plast. I dag er det økonomisjef Viljar (Svare Ødelien), nestleiar Njål (Eliasson) og leiar Johanne (Grønnevik) som møter oss og fortel korleis dei har tenkt å oppnå det.

Aktivisme i praksis

Prosjektet Precious Plastic som var den nederlandske designstudenten Dave Hakkens sitt eksamensprosjekt i 2013. Hakkens laga blant fleire andre ting tre små maskiner som saman kan brukast til å resirkulere plast og lage nye produkt - så enkle at kven som helst kan gjere det, og med teikningar og spesifikasjonar liggande på nettet. Desse vil GreenPlastic få bygde. På verdsbasis er det fleire som har tatt dei bruk, men så langt ingen i Norge.

- Dette er miljøaktivisme i praksis! erklærer dei tre frå GreenPlastic.

Men: Først må dei finne både samarbeidspartnerar og kapital til å få prosjektet sitt på beina. Dei har vore i kontakt med rundt tjue produsentar dei har sett for seg kunne hjelpe dei å bygge dei fire små maskinene: Ei til å kverne plasten, ei til å varme den opp til plastmassen som den tredje og fjerde maskina utformar nye produkt av. I tillegg kan dei produsere råmateriale som kan brukast i 3D-printarar. Det er fleire fallgruver under prosessen, mellom anna må dei passe på å ikkje varme opp plasten for mykje, for då avgir den gassar. Og ulike typar plast har ulike smeltepunkt. Og vert det slik at dei kjøper nokre av maskinene frå internasjonale bedrifter, må dei sjølvsagt tenke på frakta, og dessutan arbeidstilhøva til dei som produserer dei.

Vil endre klima-tankegangen

Ungdomsbedrifta har fått positiv tilbakemelding frå tre av produsentane dei kontakta - ein lokal, ein nasjonal og ein internasjonal. Den lokale er Bilfinger i Svelgen, som mellom anna leverer tenester til Elkem Bremanger. Dei har også hatt kontakt med Vaardal Blikk og Ventilasjon.

Heile føremålet med arbeidet deira, er å forsøke å endre måten vi tenker om klima.

- Vi håpar vi kan bidra til å skape eit større engasjement rundt klimaendringane - dette er miljøktivisme i praksis, meiner dei tre.

Dei tre ungdommane erkjenner likevel at dei treng eit større nettverk for å få dette til.

Det stoppar dei likevel ikkje frå å ha som mål at seinast 12. januar, skal dei ha den første av dei fire maskinene klar. Dei trur at metoden deira kan brukast til å auke klimaengasjementet.

- Det vil vere lokal plast vi gjenvinn. Og vi trur at viss vi til dømes går inn i ein klasse på ein barneskule og serverer dei God Morgen-yoghurt, og deretter gjenvinn boksane for augo på dei og lagar til dømes ei skål eller eit iPhone-deksel, så forstår dei prosessen på ein heilt annan måte.

Her er heile GreenPlastic-gjengen:
Framme frå venstre Ingeborg Vik, Johanne Grønnevik, Martin M. Ulsten, Njål Eliasson. 2. rekke frå venstre Elise Refvik, Natalie Mork, Lone Stang Alden, Viljar S. Ødelien. Bak frå venstre Thea Espeland, Ingalill Stang og Annelin Værøy.

Her er heile GreenPlastic-gjengen: Framme frå venstre Ingeborg Vik, Johanne Grønnevik, Martin M. Ulsten, Njål Eliasson. 2. rekke frå venstre Elise Refvik, Natalie Mork, Lone Stang Alden, Viljar S. Ødelien. Bak frå venstre Thea Espeland, Ingalill Stang og Annelin Værøy. Foto:

Artikkeltags