Viss denne vesle karen ikkje er lokal, kan biologisk mangfald bli truga

MODERAT RISIKO: Å importere rensefisk har sine baksider, konkluderer ekspertar i ny rapport.

MODERAT RISIKO: Å importere rensefisk har sine baksider, konkluderer ekspertar i ny rapport. Foto:

FLORØ: Ny rapport klar om import av rensefisk til havbruksnæringa.

DEL

Import av rensefisk for bruk i norske oppdrettsanlegg utset norsk biologisk mangfold for risiko.

Det er hovudkonklusjonen i ei ny gransking som Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) har utført på oppdrag frå Miljødirektoratet.

Import av rensefisk som skal ete lus av oppdrettslaks i merdane kan føre til genetiske endringar i lokale bestandar av leppefisk-artane våre, og risikonivået blir av ekspertane vurdert til moderat.

Det er også fare for at artane etablerer seg utover der dei naturleg høyrer hjemme, og at smittestoff og framande organismar kan bli spreidd, heiter det i rapporten.



Artikkeltags