Mikael Johansen vann Ørstarittet

VANN: Mikael Johansen frå Florø CK gjekk til topps i det 90 kilometer lange Ørstarittet laurdag.

VANN: Mikael Johansen frå Florø CK gjekk til topps i det 90 kilometer lange Ørstarittet laurdag. Foto:

Artikkelen er over 12 år gammel

FLORØ: Sykkelløpet Ørstarittet vart arrangert for første gong laurdag, og Mikael Johansen frå Florø CK gjekk til topps. Då hadde han sykla halve løpet heilt åleine.

DEL

Sykkelkometen i frå Florø, Mikael Johansen sluttar ikkje å imponere. Laurdag var han i Ørsta der han vart den første vinnaren av løpet som av arrangøren vart kalla ein suksess. Vel 70 syklistar deltok og med vinnartida 2.20.19 var Johansen heile sju minutt før neste ryttar i mål. Det betyr at han hadde ei snittfart på heile 40 kilometer i timen.

Løpet er på 90 kilometer, og dei siste 44 kilometrane sykla han åleine.

– Det var eit veldig fin løype, kupert med masse publikum, så det var veldig kjekt å bli den første vinnaren, seier Johansen som vart gjort stor stas på i målområdet etterpå. Johansen trengte ein tøff bakke for å distansere resten. Men det vart ikkje noko solskinnstur på to hjul for Johansen i front. Arrangøren meinte at vêret under løpet var det verste som har vore heile sommaren. Likevel kunne dei glede seg over godord for deltakarane og allereie no lovar Ørsta Sykkelklubb at rittet kjem på terminlista også neste år.

– Det gjekk bra, det regna jamt heile tida, så det vart noko spesielt, men sidan det ikkje var noko vind, var det ikkje så gale, seier han.

Ørstadrittet vart den tredje sigeren i sesongen for Johansen. Skjærgårdsrittet og Jotunheimen rundt og no Ørstarittet gjekk han til topps. Likevel meiner han at sesongen kunne vore betre.

– Det har vore litt stang ut i år, seier han og siktar til det første norgescuprittet der han velta og fekk ein smell i hofta som plaga han i lang tid. Årets NM vart også spolert då girvaiaren rauk etter 180 kilometer med berre 40 kilometer før mål.

Då var Johansen ein av dei 30 saman med Thor Hushovd og Kurt Asle Arvesen i front då girvaieren rauk.

– Eg var langt nede etter NM. Eg var i mi livs form. Neste år skal eg komme attende i endå betre slag, lovar Johansen.

Artikkeltags