Knusktørr mars på kysten

Minusgrader og fråver av vind har gitt forhold for skøyteleik i Florø siste veka. Og framleis får vi stabilt vinterver i veka som kjem.

Minusgrader og fråver av vind har gitt forhold for skøyteleik i Florø siste veka. Og framleis får vi stabilt vinterver i veka som kjem. Foto:

«Sibirkulda» held stand aust for oss og gir framleis innlandsklima i fjøresteinane våre.

DEL

Marsveret hittil har vore av den spesielle sorten på kysten av fylket. Dei siste to vekene har det vore minusgrader 11 dagar av 14 dagar, og i praksis null nedbør. Ifølgje meteorologane skal vi få meir av det same heilt fram mot 21. mars.

Med unnatak av morgondagen (tysdag), då det kan bli ein runde med stiv kuling og friskt på sjøen, skal vi få tørt austaver så langt prognosane gjeld.

Truleg er årets kulderekord unnagjort (ni minusgrader ved Florø målestasjon i veke 9), men det kan framleis vise blått på gradestokken om nettene enkelte dagar i langtidsperioden, spår yr.no.

Artikkeltags