Merkar ikkje valutasvingingar

Steinar Talle, Elkem Bremanger.

Steinar Talle, Elkem Bremanger. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

SVELGEN: Eurokursen gjekk i går for første gong over 9 kroner, men så langt har ikkje Elkem Bremanger merka effekten av finansuroa.

DEL

Dollaren vart handla for 7 kroner i går, og aldri før har den norske krona vore så svak mot Euro. Verksdirektør Steinar Talle seier dette ikkje får stort å seie for Elkem Bremanger.

– Det er ikkje noko per dags dato som har forverra situasjonen for Elkem Bremanger. Ein grunn til at vi ikkje har merka noko førebels til svingingane, er at vi lagar spesialprodukt til ein nisjemarknad, og i kontraktane har vi sikra oss mot valutasvingingar.

Sein effekt

Heller ikkje Brødrene Aa som blant anna sel båtar i armert plast kan melde om endringar som følgje av den svake krona. Årsaka som blir nemnt er at det tek tid før ein merker effekten på salet. Også informasjonssjef Øyvind Risnes i fiskeforprodusenten Ewos er forsiktig med å seie noko om konsekvensane for innteninga.

Meir konkurransedyktige

– Generelt kan vi seie at valutakursen ikkje har nokon særleg konsekvens fordi her foregår kjøp og sal i forskjellige valuta til eikvar tid, og vi er førebudd på at det kan svinge begge vegar. Vi merkar ikkje noko viss det ikkje er store endringar over lang tid.

Når kronekursen går ned, blir det billigare for europearar som skal veksle euro mot kroner for å handle eksportvarer frå Norge. Dette gjer norske eksportbedrifter meir konkurransedyktige.

Artikkeltags