Mellombels stans ved omn 5

Elkem Bremanger smelteverk stansar omn 5 i fire veker.

Elkem Bremanger smelteverk stansar omn 5 i fire veker. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Som følgje av redusert etterspurnad og svakare marknadsutsikter for silisium vil Elkem Bremanger gjennomføre ein midlertidig stans av produksjon ved ytterlegare ein av sine smelteomnar.

DEL

Omnen vil stanse 23. desember og er forventa å vere ute av produksjon i fire veker. Elkem Bremanger har tidlegare varsla at dei vil redusere produksjonen av andre produkt gjennom å stanse ein av to omnar som produserer ferrosilisium.

Bedrifta vil i stansperioden gjennomføre vedlikehaldsprosjekt samt at tilsette vil ta ut ferie, slik at permitteringar ikkje blir nødvendige. Stansen kan imidlertid bli forlenga, og i så fall kan det bli behov for permitteringar.

Leiinga ved smelteverket har gjennomført møter med dei tillitsvalde. Konstituert verkssjef Gabriel Ossenkamp uttrykker medkjensle med dei tilsette for den usikkerheita den svake marknaden fører med seg, men forventar at situasjonen vil stabilisere seg i løpet av 2012.

- Vi opplever at våre kundar for tida har store vanskar med å omsetje sine produkt inn mot internasjonal solenergiindustri, og dette gjev utslag i redusert etterspurnad etter silisium frå Bremanger. 2011 har vore eit godt år og vårt smelteverk har hatt større omsetjing enn nokon gong før, men usikkerheita i verdsøkonomien har dei siste månadene ført til eit brått fall i forbruket og dette får konsekvensar også for oss. Våre produkt vil imidlertid vere nødvendige når etterspurnaden tek seg opp att, og eg er sikker på at vi vil komme tilbake og vere i full produksjon att når marknadssituasjonen stabiliserar seg, seier konstituert verkssjef Gabriel Ossenkamp.

Artikkeltags