Meir pengar til sjukeheimar og sjukehus

Artikkelen er over 10 år gammel

I krisepakken til Regjeringa er det løyvd midlar til vedlikehald av sjukehus, og til fleire plassar i sjukeheimar og omsorgsbustader.

DEL

Regjeringa foreslår i tiltakspakken å løyve ein milliard kroner ekstra til oppgradering og vedlikehald av sykehus og å gi tilskot til bygging av ytterlegare 1 500 plassar i sjukeheimar og omsorgsbustader i 2009.

- Det er et stort behov for oppgradering og vedlikehald ved mange av landets sjukehus. Med desse pengane kan helseføretaka raskt sette i gang ei rekke svært nødvendige vedlikehaldsprosjekt, seier helse og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen.

- Regjeringa har ein ambisiøs plan for utbygging av sjukeheimar og omsorgsbustader, lovar Hanssen.

Ein milliard er føreslått å gå til oppgradering og vedlikehald av sjukehus. Det er framlegg om at Helse Vest skal få 188 millionar av desse.

1 500 nye sjukeheimsplassar og omsorgsbustader

Regjeringa føreslår å auke investeringstilskot til bygging av sjukeheimsplassar og omsorgsbustader slik at det i 2009 kan bli gitt tilsagn til 2 500 bueiningar i 2009. Dette er 1 500 fleire enn opprinneleg vedteke i budsjettet for 2009.

Ordninga med investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar blei oppretta i 2008. Tilskotet frå staten dekker 20 prosent av kostnadene ved bygging av omsorgsbustader og 30 prosent ved bygging av sjukeheimsplassar.

Investeringstilskotet er eit viktig verktøy for å oppnå Regjeringa si målsetting om 12 000 nye omsorgsplasser innan år 2015, seier Hanssen.

Samla ramme for dei 2 500 einingane utgjer 1,3 milliardar kroner, fordelt over fire år.

Artikkeltags