– Meir konkurransedyktig med to

Artikkelen er over 13 år gammel

FLORØ: I går var dagleg leiar av det nyoppretta selskapet Stadt Sjøtransport A/S, Ole Petter Dahl, i Spania for å signere kjøpsavtale på to taubåtar. Den største vil ha størst slepekraft mellom Mongstad og Trondheim.

DEL

– Skal du vere konkurransedyktig på taubåt så må du ha to båtar. Vi har kjøpt to taubåtar for å kunne konkurrere på marknaden, seier Dahl. Både Kleven Florø og Saga Fjordbase og Bremanger Quarry er kundar det nye selskapet ønskjer å jobbe opp mot. Skal dei kunne vere ein seriøs aktør meiner Dahl at dei også må ha eit fullgodt produkt å tilby.

For å vere konkurransedyktig har dei gått til innkjøp av to slepebåtar med tilstrekkeleg slepekraft til oppdraga dei ser føre seg å kjempe om. Taubåtane er no kjøpt i Spania og har 28 tonn og 38 tonn bollard pull kapasitet. Den største av desse vil bli den kraftigaste taubåten mellom Mongstad og Trondheim. Den har også slepewinsj og kan også ta større skrogslep frå utlandet. Dahl fortel at eksisterande og kommande steinbrot i Flora og Bremanger vil vere kundar dei ønskjer i kundegruppa si.

Dahl har tru på at satsinga han no har jobba med dei to siste åra vil kunne gi minst ti arbeidsplassar i Flora og Bremanger på sikt. Han avviser at det er noko impulsetablering han no er i gang med. .

– Det er ikkje noko eg har hive meg på. Vi har jobba målretta mot denne etableringa dei siste to åra, påpeikar Dahl. Halvparten av dei som han no skal drive selskapet saman med er tidlegare kollegaer i Fylkesbaatane og fiskerisektoren. Det er med andre ord erfarne fagfolk som står bak satsinga som no blir gjort.

Artikkeltags