Det er oppsitjarane i Svardalen som kjem med denne karakteristikken av namneforslaget på vegen Leirvågkrysset til Osøyra.

Dei vil ikkje ha noko av at vegen blir kalla Osenvegen slik hovudutvalet for kultur og oppvekst har vedteke.

Dei viser til at Osenvegen aldri har vore framme i den demokratiske diskusjonen dei vart inviterte til å vere med i og ber sterkt om at vegen heller skal heite Svardalsvegen slik det alt er innarbeidd for store delar av strekninga.