Gå til sidens hovedinnhold

Meiner Førde-Bergen-ruta bør leggjast ned

Artikkelen er over 7 år gammel

Transportøkonomisk Institutt (TØI) meiner staten må tenkje nytt inn mot anbodsrunden på dei regionale flyplassane våre frå 2016.

Legg ned flyruta frå Bringeland til Bergen og få flytilbodet meir i takt med dei betra kommunikasjonane på bakken.

Slik kan ein oppsummere rapporten som Transportøkonomisk Institutt har laga i samarbeid med Møreforsking på bestilling frå Samferdsledepartementet.

Rapporten blir no ein del av grunnlaget som departementet skal bruke når dei om ei tid startar jobben med ny anbodsutlysing for dei regionale flyrutene i landet. Rapporten frå TØI har kun vurdert rutene i Sør-Norge, og eit av momenta dei har vurdert, er kva grunnlag dei ulike regionale lufthamnene har for å kunne drivast på heilkommersiell basis i framtida.

Dyrare

For Florø sin del, viser TØI til at det kan vere aktuelt å kommersialisere lufthamna. Sjølv rår dei ikkje til noko i denne saka. I rapporten går det fram at kommersiell drift nesten utan unntak vil bety dyrare flybillettar, anten du reiser på fullpris i jobbsamanheng, eller du kjøper billettar privat i det billegare billett-segmentet.

Dersom Florø lufthamn blir gjort heilkommersiell, kan passasjerane ikkje vente å behalde same frekvens på flygingane til og frå Oslo og til og frå Bergen som i dag. I underkant av fire daglege flygingar til kvar av desse destinasjonane er lagt til grunn i TØI sine reknestykke.

Det blir også peika på at bruk av større flytypar som ATR 42 (same flytype som DAT nytta då dei opererte på Florø) vil vere meir kostnadseffektive enn dei Dash 8-100 og 8-300-flya som i dag blir nytta av Widerøe.

TØI meiner også at med rette grep bør også Førde-Oslo-ruta kunne gjerast heilkommersiell, og dermed takast ut av det konsesjonsbaserte flyrutenettet.

Fleire bør leggjast ned

Mest kontroversielt er likevel framlegga om å leggje ned ruter. TØI peikar på at trafikkutviklinga på Bergens-ruta frå Bringeland ikkje er særleg positiv, og at med betre kommunikasjonar på bakken så har ikkje denne flyruta utviklingspotensial og bør vurderast lagt ned. Det same gjeld frå flyruta mellom Fagernes og Oslo.

Kommentarer til denne saken