Meiner Budstikka driv med hets

Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Dag H. Nestegard fryktar at bygdepladet Bremanger Budstikke vil torpedere det 45-minuttsregionen. Kva meiner du? Debatten er i gang!

DEL

Som svelgar vedgår Nestegard han var positiv til at Bremanger Budstikke vart etablert. Men no har han opplevd at avisa driv uanstendig og at den redaksjonelle linja verkar å ha eit autistisk og einsidig preg han fryktar vil kunne få konsekvensar.

– No er det ein gong ytringsfridom i Norge, så kan du gi eksempel som viser at avisa går over grensa?

Kampanjejournalistikk

– Oppslaget sist med Knut Dombestein luktar kampanjejournalistikk lang veg, og eg meiner avisa lenge har vore ganske ufine mot Bjørgulf Myklebust & co. 45. min-prosjektet er seriøst og solid forankra politisk, og det er gjort eit grundig arbeid. Eg kan legge til at Alfred Bjørlo sat på toppen av Samferdselsdepartemente frå 2001 til 2004 som høgrehanda til Skogsholm, så han kjenner systemet ut og inn. Han veit kva som skal til om ein skal få resultat. Geir Nybø i Budstikka rotar alt dette til for oss.

–Så dette er ikkje berre reaksjonar på kritisk journalistikk?

– Nei. Eg skjøner ikkje kva agenda han har som redaktør, men vi skulle kunne forvente at ein som skriv for eit bygdeblad har ein viss interesse for området han skriv om. Skal vi kunne komme nokon veg med 45-minuttsprosjektet, nyttar det ikkje med amatørenes inntogsmarsj til tonar av Bremanger Budstikke. Det er sjeldan ein ser så vettlaus journalistikk som i dette tilfelle. Eg meiner budstikka er på kollisjonskurs med folkemeininga og interessene til folk i kommunen. Eg fryktar at han no vil stikke kjeppar i hjula for 45-minutts regionen, seier han.

– Meiner du Budstikka kan velte prosjektet?

– Mange som får med seg denne svertekampanjen også utanfor kommunen. Mange av dei er glade for all argumentasjon som kan torpedere 45min-regionen. I dette landet skrik alle etter pengar til samferdsel og det er mange som hadde sett att 45min-prosjektet forsvann frå dei offisielle listene. At Geir Nybø skulle ønskje det skjøner eg ikkje. Men han verkar ikkje å ha lest rapportane i prosjektet og driv ukvalifisert synsing i spaltene sine , svarar han.

Må tole kritikk

Redaktør i Bremanger Budstikke Geir Nybø stiller seg spørjande til at han skal drive noko form for kampanjejournalistikk.

– I den siste utgåva har eg skrive om ein kar som ikkje torer å busette seg på Dombestein på grunn av det manglande kritiske stillinga kommunen har til 45 minuttsregionen. Eg skriv ikkje for å gjere meg populær. Eg har gått inn i tala som 45-minuttsregionen har lagt fram og funne ut at dei ikkje heng i hop, seier Nybø, som meiner at Alfred Bjørlo og Bjørgulf Mylkebust har fått Fjordenes Tidende og Firdaposten til å skrive leiarar som har kritisert Bremanger Budstikke i høve til 45-minuttsregionen.

Han meiner også at Bjørgulf Myklebust er på kollisjonskurs med folk i Svelgen, og reknar med Dag H. Nestegard er ein gamal kamerat som no stig fram. Han lovar han vil opne spaltene for alt kva Bjørlo og Myklebust måtte meine.

– Eg kan ikkje sjå kva som er hets i det eg skriv. Vi lev i eit demokrati og eg synest det er viktig med debatt, seier Nybø.

Artikkeltags