Hugs dette nummeret

Legevaktsnummeret 116117.

Legevaktsnummeret 116117. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Frå og med i morgon 1. september er 116117 nummeret du må ringe for å nå legevakta. Då blir nemleg eit felles legevaktsnummer innført over heile landet. Innføringa gjer at du blir du sett over til næraste legevaktsentral uansett kor du er.

- Men 116117 er ikkje eit nytt 113. Treng du akutt hjelp er det framleis telefonnummer 113 som gjeld. 116117 gjeld henvendingar som ikkje kan vente til legekontoret opnar neste dag, og erstattar det gamle legevaktnummeret vårt, presiserer lege Normund Svoen ved Sunnfjord Medisinske Senter.

Her i Florø vår blir vi sett over til legevaktsentralen i Førde om vi ringer 116117, og ikkje til Sunnfjord Medisinske Senter.

- Dei nye reglane som også blir innført krev ein bemanna legevaktsentral med helsepersonell som har tilsvarande sjukepleiarutdanning eller meir. Det har vi ikkje her, seier Svoen men legg til at vi framleis har legevakt tilgjengeleg døgnet rundt her i Florø - sjølv om sentralen er i Førde.

- Og på dagtid har vi også vårt gamle hastenummer 5774 5113, strekar Svoen under.

Artikkeltags