Han vil bruke både gulrot og pisk for å rydde opp i legekrisa i kommunane

Helseforskar Hans Johan Breidablik etterlyser sterkare lut for å sikre legetilbodet i kommune-Norge.

Helseforskar Hans Johan Breidablik etterlyser sterkare lut for å sikre legetilbodet i kommune-Norge. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Tidlegare Helse Førde-fagdirektør Hans Johan Breidablik meiner sjukehusa må strupe inntaket av yngre, nyutdanna legar. Viss ikkje vil kommunehelsetilboda blø.

DEL

Lege og helseforskar Hans Johan Breidablik meiner det ikkje lenger er nok å strø vegen med gulrøter for å lokke unge legar til kommunehelsetensta, melder NRK Sogn og Fjordane.

No meiner han pisken må svingast i tillegg, og at det er landets sjukehus som sit med nøkkelen.

- Dei må redusere inntaket av nye legar, og på den måten gjere kommunelegestillingar meir attraktivte, seier Breidablik.

Mange kommunar slit i dag med for dårleg legedekning, og stillingar står tomme i lang tid. I vårt område er Bremanger eit døme på stoda, der dei også har vanskar med å rekruttere andre kategoriar har helsearbeidarar.

Når norske legar uteblir, endar kommunane ofte med å leige inn utanlandske legar i korttidsvikariat, noko som både er dyrt og heller ikkje gir innbyggjarane den kjensla av tryggleik i form av ein god relasjon til fastlegen sin.

Men førebels får Breidablik lite gehør for tvangsmodellen sin.

Til NRK seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Maria Jahrmann Bjerke (H), at det blir nytta millionar i stimuleringstiltak overfor legane, men at bruk av tvang ikkje er aktuell politikk.

Breidablik er heller ikkje motstandar av å bruke gulrøter for å løyse problemet, og peikar på dei lange ventelistene blant legestudentar for å få turnusteneste. Her kan legar som pliktar seg til å jobbe ei viss tid i norske distriktskommunar, få kome først i køen, meiner han.

Artikkeltags