Dei vil gje parkinson-pasientane ein betre kvardagsrytme

STARTAR NYTT PARKINSON-TILBOD: Frå høgre fysioterapeut Therese Hanebrekke Slack, ergoterapi- student Mari Bryhn Sørlie og Kari Løbø Alfarnes. Bak frå ventre: Fysioterapistudent Eirin Larsen Ovrid og Thomas Troein.  Ergoterapeut Johanne K. Langeland er også ein del av teamet, men var ikkje til stades då biletet blei teke.

STARTAR NYTT PARKINSON-TILBOD: Frå høgre fysioterapeut Therese Hanebrekke Slack, ergoterapi- student Mari Bryhn Sørlie og Kari Løbø Alfarnes. Bak frå ventre: Fysioterapistudent Eirin Larsen Ovrid og Thomas Troein. Ergoterapeut Johanne K. Langeland er også ein del av teamet, men var ikkje til stades då biletet blei teke. Foto:

Av

FLORØ: Om kort tid har Flora kommune eit nytt tilbod til dei som er råka av parkinsons sjukdom. Stikkord er fysioterapi, rytmar og musikk.

DEL

– Inntrykket mitt er at vi har fleire som er råka av parkinson i Flora no, enn for ei tid tilbake. Difor ønskjer vi også å gje eit skikkeleg tilbod til denne pasientgruppa.

Det seier fysioterapeut Therese H. Slack til Firdaposten. Den 21. januar startar den kommunale fysio- og ergoterapiavdelinga eit åtte vekers prosjekt retta mot pasientar med den nevrologiske, kroniske sjukdomen. Og målet er ifølgje Slack, fleirdelt.

Både fysisk og mental hjelp

– Parkinsonpasientar slit ofte med manglande energi, trøyttheit, stivheit i kroppen og balanseproblem. Vi har eit godt utprøvd behandlingsprogram der bruk av musikk og rytmar til rørsletrening har vist seg å vere effektivt, og det er dette vi no skal tilby, fortel fysioterapeuten.

Men parkinson har også ei psykososial side. Gjennom dårlegare førlegheit og mangel på meistring av enkle kvardagsgjeremål, følgjer det ofte sviktande sjølvtillit, sjølvpålagt isolasjon og stundom også depresjon.

– Dette er menneske som treng å kome seg ut. Treffe andre med same diagnose og utfordringar, dele erfaringar og gjere noko positivt i lag. Dette er også eit viktig aspekt ved det nye tilbodet, forklarar Slack.

Køyrde pilotprosjekt i fjor haust

Flora kommune gjennomførte i fjor haust eit lite pilotprosjekt på ei gruppe parkinsonpasientar, for å teste ut det planlagte tiltaket.

– Tilbakemeldingane var svært gode. No har avdelinga vår fått fysioterapistudentar som skal ut i praksis, og det er dels desse ekstraressursane vi har tenkt å nytte i det komande åttevekersprosjektet, seier Slack.

– Meld deg på

Etter åtte veker med behandling to gonger i veka, skal prosjektet og erfaringane frå brukarane evaluerast. I kva grad ein oppnår positive effektar vil deretter avgjere om ein vidarefører prosjektet.

Har du diagnosen parkinson og ønskjer å delta i prosjektet, så finn du påmeldingsinformasjon på Flora kommune sine heimesider. Fristen for påmelding er sett til 16. januar.

Parkinsons sjukdom

  • Parkinsons sjukdom er ein sjukdom som blant anna påverkar kroppens evne til å bevege seg.
  • Den er karakterisert ved minst to av tre hovudsymptom. Desse er redusert evne til å gjere viljestyrte rørsler (hypokinesi), ein spesiell form for muskelstivheit (rigiditet), og skjelving (tremor) som kjem mest når kroppen kviler. Symptoma skuldast hovudsakleg nedsett mengde dopamin i hjernen og symptoma blir behandla ved at ein gir medikament som aukar dopamininnhaldet i hjernen.
  • Det oppstår i snitt 200 nye tilfelle av parkinsons sjukdom per million menneske per år, men med større hyppigheit i høg alder. Det finst i alt om lag 8000 pasientar i Norge. Sjukdommen debuterer sjeldan før 35–40-årsalder, og ofte startar sykdommen i 50–70-årsalder, men det ffinst også personar som har fått sjukdommen i 20-åra.
  • Parkinson er per i dag ei kronisk liding som kan haldast i sjakk ved behandling, men ein kan ikkje kurerast.

(Kjelde: Store Medisinske Leksikon/Wikipedia)

Artikkeltags