– Vi styrkar helsetilbodet

BETRE: Pleie og omsorgssjef i Flora kommune Ragnhild Holm meiner eit akutt dagtilbod på omsorgssenteret styrkar Flora kommune.

BETRE: Pleie og omsorgssjef i Flora kommune Ragnhild Holm meiner eit akutt dagtilbod på omsorgssenteret styrkar Flora kommune.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Det er innbyggarane i Flora kommune som kjem i første rekke, og pleie- og omsorgssjefen meiner Flora no har fått eit styrka helsetilbod.

DEL

Holm har jobba i fleire kommunar før ho kom til Flora. Og ho fortel at ho var overraska over den høge helsefaglege kompetansen som møtte ho. Difor kjenner ho seg trygg på at Flora no kan ta på seg meiroppgåver i samsvar med samhandlingsreforma som dei to KAD-sengene på omsorgssenteret er. For det har dei gjort i lengre tid allereie.

– Oppgåvene er vi godt rusta til. Vi er godt skulerte i omsorgstenesta, seier Holm og seier nye oppgåver krev gode rutinar og strukturert organisering.

Avdelingssjef på omsorgssenteret på Furuhaugane, Elin Sørbotten trur også større ansvarsområde vil vere viktig for rekruttering av helsepersonell til Flora kommune på lengre sikt.

Artikkeltags