Varslar pollen-eksplosjon dei neste dagane

Overgang frå kulde til godver og rask temperaturstigning, er dårleg nytt for pollenallergikarar. Den komande helga kan bli ei av dei verste, åtvarar Norges Astma- og allergiforbund. Her er raklar frå tresorten hassel.

Overgang frå kulde til godver og rask temperaturstigning, er dårleg nytt for pollenallergikarar. Den komande helga kan bli ei av dei verste, åtvarar Norges Astma- og allergiforbund. Her er raklar frå tresorten hassel. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Er du blant dei som snufsar og nys når våren kjem? I så fall er det på høg tid å hente fram Zyrtec og nasesprayen.

DEL

Ein kald og lang vinter, etterfølgd av rask temperaturstiging og varme. Det er oppskrifta på ein pollen-boom. Og den kjem no, ifølgje ekspertane.

Norges Astma- og alleriforbund åtvarar no mot at den komande helga kan bli ei av dei tøffaste for allergikarar. Sjølv om Austlandet og store delar av innlandet er mest utsett, vil det merkast over heile Sør-Norge dei komande dagane. Og når mange nyttar langhelgene til reiser, kan ein fort hamne inn i problemområde som er langt verre enn der du reiste frå.

- Med den ekstreme spreiinga vi ser no, så vil nok mange som er utsette kjenne det på kroppen, og symptoma er velkjende: Trøyttheit, rennande nase, irriterte auge, pusteproblem og eksem, seier Thorleif Jansen, medisinsk ansvarleg i det digitale legekontoret KRY.

Jansen har fem enkle tips, for å gjere livet litt lettare som pollenallergikar:

  1. Ta medisin. Det finst både piller, nasespray eller augedropar, som man du kjøpe reseptfritt på apoteket. For dei som er meir plaga, kan ein snakke med legen om andre behandlingsmåtar.
  2. Hald vindauge stengde midt på dagen. Det svever ekstra mykje pollen rundt i lufta på dagtid. Sørg difor for å halde vindauga att og luft heller ut på kvelden eller natta.
  3. Hald det reint. Ikkje berre i huset, men vask og skift på sengetøy oftare i dei verste periodane. Hugs også at pollen festar seg til kleda dine.
  4. Ta deg ein dusj. Pollen festar seg til både hår og kropp. Ta deg ein dusj før du legg deg, så slepp du å ta pollen med deg i senga.  
  5. Hald deg unna. Med fleire langhelger i mai, er det ingenting i vegen for å flykte frå den verste pollenspreiinga. Ta ein ferie – høgt til fjells, langs kysten der risikoen er mindre - eller til utlandet.

Artikkeltags