Torsdag blir heimen til Beate gjort om til NRK-studio

BEATE PÅ RADIO: Marknadsansvarleg Beate Solheim Grønnevik i INC Gruppen, må tidleg opp torsdag. Då får ho og familien huset invadert av NRK Sogn og Fjordane, som skal ta tempen på florøsamfunnet.

BEATE PÅ RADIO: Marknadsansvarleg Beate Solheim Grønnevik i INC Gruppen, må tidleg opp torsdag. Då får ho og familien huset invadert av NRK Sogn og Fjordane, som skal ta tempen på florøsamfunnet. Foto:

Av

FLORØ: NRK Sogn og Fjordane tek tempen på florøsamfunnet i heile morgonsendinga si.

DEL

Torsdag forflyttar NRK Sogn og Fjordane si morgonsending seg vestover. Frå klokka seks til ni inntek Stian Sjursen Takle & Co heimen til Beate og Ernst Solheim Grønnevik i Selhaugvegen i Florø, og herfrå skal det lagast direkteradio i tre timar.

– Vi har invitert lokale, driftige gjester, som til dømes den nye sjefen for Fjordbase, ordførar Ola Teigen, vi får besøk frå Westcon – og frå to unge karar som hadde arbeidsveka si i Liverpool nyleg. Vi skal også ut i gatene og jakte på florøsjela, fortel Stian, som skal sy i hop Florø-stuntet.

Men det skal ikkje berre pratast. Det blir også musikalske innslag, besøk av ein velkjend The Voice-deltakar og ein del overraskingar som Sjursen ikkje vil røpe heilt enno.

Med seg på laget har Stian Tone Lin Støfring Skovro og reporter Ola Weel Skram.

– Eit av spenningsmomenta er korleis vi skal vekkje familien på morgonen. Vi har noko lurt på gang, avslører dei to programleiarane.

Og skal du få med deg vekkje-stuntet, må du opp før klokka seks, setje på kaffien og skru deg inn på NRK.

Artikkeltags