Aldri før har så mange brukt Firdaposten digitalt

DIGITAL SUKSESS: Redaksjonen i Firdaposten. Frå venstre: Linda Regina Bruvik, Svend Arne Vee, Liv Standal, David E. Antonsen, Arve Solbakken, Dag Nesbø Frøyen og Arne Hjorth Johansen

DIGITAL SUKSESS: Redaksjonen i Firdaposten. Frå venstre: Linda Regina Bruvik, Svend Arne Vee, Liv Standal, David E. Antonsen, Arve Solbakken, Dag Nesbø Frøyen og Arne Hjorth Johansen Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: - Snart fem månader etter at Firdaposten gjekk frå tre til to papirutgjevingar i veka, for heller å satse meir digitalt, har pilene peika den vegen vi håpa.

DEL

- Vi var spente då vi gjorde endringa i april. Men så langt har det gått vår veg, seier redaktør Svend Arne Vee.

Søndag og måndag kunne Firdaposten logge to nye rekordar i bruk av firdaposten.no på desktop og på mobiltelefon. Måndag var 3555 digitale aID-brukarar innom Firdaposten, og dermed stod rekorden frå søndag berre eit døgn. Og oppturane har kome tett i vår og i sommar.

Fleire brukarar les stadig meir

– Stadig fleire abonnentar registrerer seg som digitale lesarar og får tilgang til alt stoffet vi lagar. Og stadig fleire finn noko dei vil lese. Dermed lærer vi også meir om kva lesarane våre faktisk vil ha, og kan prioritere denne typen stoff. Slikt blir det trafikkvekst av, seier redaktøren, som rosar den vesle redaksjonen for å ta eigarskap til tala og utviklinga.

Solveig er Firdaposten sin digitale brukar nummer 6001 

I snitt svingar no talet på daglege nettlesarar som er innom Firdaposten anten på mobil, på pc eller på nettbrett, på mellom 8500 og 10.000. Desse brukarane skapar mellom 45.000 og 60.000 sidevisingar.

(Artikkelen held fram under videoen).

Med journalist Liv Standal

Viktige morgontimar

– Det er ein god vekst frå same tidsrom i fjor. Omlegginga til morgonvakt frå klokka seks på morgonen, som vi starta med i januar, har betydd mykje. Mange brukar også det nye historiske arkivet vårt tilbake til 1948, seier Vee.

Rundt 80 prosent av dei som abonnerer på Firdaposten har no teke jobben med å lage seg såkalla aID, og dermed få tilgang til alt av stoff.

– Men det beste av alt er at vi kanskje klarar å halde fram opplagsveksten for tredje året på rad. Om utviklinga held seg ut hausten, er det ein moglegheit. Det er i så fall utruleg kjekt, og ein stor motivasjon for oss, sidan vi lagar avis i eit område som fort tida dessverre ikkje har folketalsvekst lenger, seier redaktøren.

Tilbyr hjelp

Han oppmodar no alle dei som ønskjer å bli meir digitale, men som ikkje heilt får det til, om å ta kontakt:

– Vi hjelper gjerne til, og vi har hjulpe mange opp og gå på mobil og nettbrett dei siste månadene. Det er berre å ta kontakt, så prøver vi først via telefon. Går ikkje det, kjem vi gjerne på eit kaffibesøk, seier Vee.

Artikkeltags