Firdaposten legg ut på sommarturné – første stogg blir Amfisenteret på fredag

UT PÅ VEGEN: Kvar fredag gjennom sommaren vil du møte delar av denne gjengen på ulike stadar i Flora og Bremanger. Firdaposten legg ut på sommarturné kvar fredag framover, og målet er å kome tettare på lesarane våre. Frå venstre Linda Regina Bruvik, Svend Arne Vee, Liv Standal, David E. Antonsen, Arve Solbakken, Dag Nesbø Frøyen og Arne Hjorth Johansen

UT PÅ VEGEN: Kvar fredag gjennom sommaren vil du møte delar av denne gjengen på ulike stadar i Flora og Bremanger. Firdaposten legg ut på sommarturné kvar fredag framover, og målet er å kome tettare på lesarane våre. Frå venstre Linda Regina Bruvik, Svend Arne Vee, Liv Standal, David E. Antonsen, Arve Solbakken, Dag Nesbø Frøyen og Arne Hjorth Johansen Foto:

Av

FLORØ: Har du lyst å sjå korleis ein lokalvis-redaksjon jobbar? Då kan du ta turen innom Firdaposten-gjengen på Amfi i Florø fredag.

DEL

Først morgonmøte og idémyldring. Deretter planlegging og tildeling av oppgåver – før ein set i gang og fyller nettavisa med nye lokale saker om stort og smått. Slik er kvardagen for journalistane i Firdaposten, og på fredag tek vi kvardagen med oss ut til lesarane våre.

– Det er sommar og tid for å gjere ting litt annleis. Eit av måla med å flytte ut heile avisredaksjonen på fredagar er å kome litt tettare på lesarane våre, og kanskje lag ei endå betre avis, seier redaktør Svend Arne Vee om det nye prosjektet.

Tek imot tips, ris og ros

Målet er at avisredaksjonen skal ut på vegen kvar fredag gjennom heile sommaren. Første stogg blir kortreist, til Amfi-senteret i Florø, der redaksjonen er på plass frå klokka ni i førsteetasje, i området der den Telekiosken låg tidlegare. Men det blir også besøk i Eikefjord, i Svelgen, i Kalvåg og fleire andre stadar i løpet av sommaren.

– Eg håpar folk stikk innom oss for ein prat og ein kaffikopp. Kanskje kan vi skrive saker om noko nettopp du er oppteken av – og kanskje kan vi få inn gode tips til saker som bør belysast. Eller kanskje folk har lyst å kome innom oss og gi oss gode råd og ris og ros på korleis vi lagar avis for dei, seier redaktøren.

Digitalhjelp

Vee oppmodar også dei som kanskje framleis slit litt med å digitalisere seg, om å stikke innom på Amfi fredag.

– Viss nokon har vanskar med å registrere seg på nettavisa, har trøbbel med innlogging eller appar, så kan vi heilt sikkert hjelpe til,  lovar han.

Det vert også ein livestream på nettavisa denne dagen, der gjester vil bli intervjua og der alle kan få lov å sende ei kort sommarhelsing til nokon dei kjenner.

Kommunevåpen – kva no?

Ulike gjester vil også dukke opp utover dagen.

– Vi får blant anna besøk av Kinn-rådmann Terje Heggheim, like etter at avrøystinga om nytt kommunevåpen for Kinn er avslutta. Her kan folk få sjå og høyre kva Heggheim & Co no gjer vidare, basert på at fleire tusen lesarar av Firdaposten og Fjordenes Tidende no har sagt si meining, seier Svend Arne Vee.

Artikkeltags