– Det blir fantastisk TV når ein kan kombinere friluftsliv, jakt og fiske med vakker natur. Her i området har vi alt dette.

Arne Hjeltnes har trekt seg inn i eitt av sideromma til kjøkkenet her på Hovudgården på Svanøy for ein liten pustepause. Inne på kjøkkenet riggar filmteamet frå Maverix som produserer «Gutta på tur» lys og lyd til neste sekvens. Det er varmt, hektisk, trongt, teknisk utfordrande, og dei har eit stramt tidsskjema. Det er siste dag med filming, og om berre fire timar set Brimi seg i bilen og vender kursen heim att til Vågå.

Sidan søndag har Hjeltnes og Brimi, Bjørn Dæhlie og ein hemmeleg gjest hatt hovudgarden her på Svanøya som base, medan dei har laga nye episodar frå Askrova i nord til Hardbakke og «dalstroka innanfor» i sør. Dei har mellom anna vore med på fiske utanfor Askrova, på jakt på Svanøy, innom Askvoll sjømat og delikatesser, og på Operagarden.

(Artikkelen held fram under bildet)

 

Inne på kjøkkenet er Brimi stressa. Forståeleg nok, for i løpet av desse få, intense timane skal han og Hjeltnes mellom anna filetere og lage til den ti kilo store breiflabben dei fiska utanfor Gåsvær tidlegare på dagen. Den skal bli til ein av forrettane til herremåltidet dei to skal servere Bjørn Dæhlie og den mystiske gjesten, som kvar dag sidan søndag har vore på jakt med Johan Trygve Solheim frå hjortesenteret. Då dei reiste heim att onsdag, hadde dei felt tre hjortar. Og om berre nokre timar kjem dei att frå siste jakta, skrubbsvoltne.

Men det er ikkje berre breiflabb som står på menyen denne onsdags ettermiddagen. Hummaren dei fekk frå Jan Lindgaard på Askrova står allereie til grilling, surra med ståltråd fast til ei eldrake. Den skal godgjere seg i ein time over glørne i peisen der inne på kjøkkenet.

I tillegg dei skal også lage til hjortesteika dei fekk frå hjortegården til Johan Trygve Solheim her på Svanøy. Og Svanøylaksen dei fekk frå Gro Sveen på Svanøy røykeri berre nokre timar tidlegare på dagen, skal serverast med heimelaga pesto frå Askvoll.

Og attpåtil må dei finne ut korleis dei kan lage til kråkebollane dei fekk også. Sjølv om det er første gong dei gjer det, kan ingenting Brimi serverer overlatast til tilfella.

(Artikkelen held fram under bildet.)

 

Besøket til Sunnfjordkysten vart ei sjokkarta oppleving for Brimi.

– Det var magisk å komme hit i november og oppleve – og få lov til å vere – i den fantastiske naturen her, med alle dei fantastiske råvarene de har i området. Og få vere med og fiske hummar og breiflabb og skyte hjort. De er utruleg heldige som bur her, seier Brimi.

Men, strekar han under, trass i at han har ein kjøkkensjef frå Atløy – og dermed meinte han hadde ei god oversikt over dei lokale råvarene, var han ikkje budd på kor mykje vi faktisk har å by på av lokalprodusert mat, og kor vakkert det faktisk er her i Sunnfjord.

– Det å komme hit var ein valdsam oppleving, for det var så fint her. Det verkar som om det har vore ei hemmelegheit, seier Brimi.

Hjeltnes legg til:

– Vi må ut og fortelje folk at området her er nesten like vakkert som Lom og Vågå, og Voss. De har fantastiske råvarer, og fantastiske stader å besøke her.

(Artikkelen held fram under bildet.)

 

Hjeltnes er allereie godt kjend i området. Dette er faktisk tredje gongen han har besøkt Svanøy. Han bruker besøke Florø minst ein gong for året – seinast på Laksens dag og Sildebordet i år. Begge meiner vi bør bli flinkare til å vise det vi har, både av natur og produkt.

– Det er mange om beinet når det gjeld reiselivspromotering, men det er viktig å få vist fram kva ein har for å ta del i konkurransen om nordmenn sine reisevanar. For det er heilt klart, dette er eit område som har utruleg mykje å by på, seier Hjeltnes og presiserer:

– Skjergarden her er heilt fantastisk, så har de båtar som går mellom alle desse trivelege små øyene: Folk kan drive vel så spennande øyhopping her som i Hellas. Så har de masse flinke folk som har små reiselivsverksemder, og andre som lagar fantastiske råvarer og produkt – som til dømes hjortesenteret og røykeriet. Alle som les Firdaposten kan gå ut i nabolaget her og få fisk frå lokale fiskarar, eller hjort frå jegerar. De lever i eit fantastisk matfat, strekar Hjeltnes under.

– Og så er det masse sau som beitar på holmane rundt om her. I tillegg har eg høyrt eit rykte som seier at det om våren veks mykje ramsløk her. Men eg skjønar at de vil ha alt dette for dykk sjølve, sidan eg ikkje visste om dette, legg Brimi til og humrar.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Foto/redigering: David E. Antonsen

 

Så blir Hjeltnes sendt på oppdrag. Han skal koke krabben, men det må han gjere på eit anna kjøkken her på hovudgarden. Hjeltnes ser bort på kokk Øystein Berge frå Bistro to kokker, som står litt gøymd bak dei to kameramennene frå Maverix for ikkje å gå i vegen.

Øystein har stått for serveringa og bevertninga av «Gutta på tur»-kjendisane og crewet deira, og har ikkje vore heimom sidan dei først kom på søndag. Han har også vore crewet sin altmoglegmann. Under filminga fiksar han alt frå nye dukar og tallerkar til ståltråd og ei ekstra kokeplate når den på hovudkjøkkenet blir for lite.

– Han fortener skryt, seier Hjeltnes medan Øystein leier Hjeltnes med krabbegryta over gardsplassen.

Episoden frå Svanøy blir sendt på TV2 om vel eit år frå no.