Måtte vere jordfar i framsetet i bilen

Foto:

Artikkelen er over 11 år gammel

I uvêret natt til fredag kappkøyrde Vivian Beate Andersen og Øyvind Myklebust frå Svelgen med babyen som gjerne ville ut. Ungen vann kappløpet, og far sjølv måtte vere «jordmor».

DEL

Vel eit døgn etter den store opplevinga, står alt vel til både med veslejenta, storebror Andreas og foreldra. Det er ein lukkeleg familie som er samla på fødeavdelinga på Førde sentralsjukehus. Dei har fått pusten tilbake og kan fortelje om spennande og hektiske timar og om ein uvanleg fødsel som eigentleg gjekk veldig fint.

Mor Vivian hadde gått ti dagar over tida, og det var avtalt at ho fredag morgon skulle setjast på kur for å få fødselen i gang. Men babyen hadde tydelegvis eigne planar, og alt ein halv time etter midnatt natt til fredag var det klart at her var fødselen i gang.

Jordmor online

Dei hadde telefonkontakt med jordmor og køyring vart avtala. Men det gjekk ikkje lenge før det var det soleklart for Vivian og Øyvind at det ikkje nytta å vente på transport.

Dei måtte køyre straks!

Vêret var mildt sagt elendig, med tjukk skodde og mykje regn. Difor kunne ikkje Øyind halde den farten han helst ville. Og ved Grov, om lag halvvegs mellom Svelgen og Førde, avtalte dei med jordmora at ambulansen skulle kome dei i møte.

Nokre kilometer før Førde, ved p-plassen attmed Norcem-siloane ved Erdal, måtte køyringa ta slutt. Klokka var 02.20, og ungen ville ut der og då – inga bøn. Vivian og Øyvind var sjeleglade for at bilen dei nyleg har kjøpt, har framsete som kan regulerast elektrisk i alle retningar.

Ingen panikk

Dei fann ei høveleg stilling for Vivian og let det står til. Øyvind stod på kne utanfor bilen, i pøsregnet, og assisterte så godt han kunne, fjernstyrt av jordmora via mobiltelefon.

– Vi hadde ikkje tid til å få panikk, og vi fekk god hjelp av jordmora som var svært flink, fortel Øyvind.

– Åh, du var veldig roleg og flink, du òg, seier Vivian til mannen sin.

– Det var først etterpå reaksjonen kom, og då eg såg ungen og høyrde at ho skreik, var det ikkje fritt for at tårene kom, held Øyvind fram.

Framsetefødsel

Sjølv om alt gjekk som smurt, var dei to letta då ambulansen kom farande med jordmor og det heile. I staden for å flytte på mor og barn straks, valde dei å gjennomføre fødselen og klippe navlesnora der i framsetet. Omgrepet setefødsel har dermed fått ein ny dimensjon: Framsetefødsel!

Veslejenta, som førebels ikkje har fått namn, vog 4.020 gram og målte 50 centimeter. Då Firdaposten fekk kome på snarvitjing halvtanna døgn etter fødselen, var det roa som rådde. Alt var berre velstand, og veslejenta var mett og sov. Ho brydde seg lite om all viraken.

Sambuarane Vivian Beate Andersen og Øyvind Myklebust og den 11 år gamle storebroren Andreas bur i Svelgen sentrum. Ho er førskulelærar medan han er driftsleiar i selskapet Bygg- og Reinholdsservice.

Søndag kveld var opphaldet på sjukehuset over, og dei fekk reise heim att – i eit noko rolegare tempo enn sist dei drog denne vegen.

Artikkeltags