På tre år har 25.000 måltid blitt redda i Sogn og Fjordane

Av

Kvar einaste dag går det føre seg ein storstilt dugnad over heile landet for å få ete opp maten. I Sogn og Fjordane er det florøværingane som reddar mest.

DEL

FIRDA: – Det å redusere matsvinn er eit viktig miljøtiltak, og difor er det utruleg oppmuntrande å sjå korleis fleire og fleire engasjerer seg for å ta vare på maten, seier Hanne Johansen, kommunikasjonsmedarbeidar i Too Good To Go.

Gjennom appen Too Good To Go knyter matprodusentar, butikkar og etestadar som har mat til overs saman med folk som ønskjer å redde maten frå å ende opp som svinn. Butikkane legg ut forundringsposar med overskotet frå dagen, som folk kan kjøpe til ein billig penge.

– Det er rett og slett ein vinn-vinn-situasjon: For etestadane som tener noko som elles hadde blitt kasta, og for forbrukaren som kan redde god og billig mat. Og ikkje minst er det bra for miljøet, seier Johansen til Firda.

VIKTIG MILJØTILTAK: – Det å redde matsvinn er eit superviktig miljøtiltak, seier Hanne Johansen, kommunikasjonsmedarbeidar i Too Good To Go.

VIKTIG MILJØTILTAK: – Det å redde matsvinn er eit superviktig miljøtiltak, seier Hanne Johansen, kommunikasjonsmedarbeidar i Too Good To Go. Foto:

Førde reddar mest

Gjennom appen har to millionar måltid blitt redda. 25.000 av måltida er takka vere Sogn og Fjordane.

– Tala gjeld sidan oppstart i 2016, men det varierer jo kor lenge dei ulike etestadane har vore med. Alle stadane i Førde har vore med lenge. Olefine sine avdelingar blei med i august 2016, medan Coop Extra Kafè blei med i februar 2017, seier Johansen.

Til saman har stadane i Førde redda 8750 forundringsposar. I heile fylket er det Florø Bakeri og Konditori som reddar mest. Kafeen åleine har redda 3338 måltid.

FLEIRE SERVERINGSSTADAR: Fram til no er 1500 butikkar og serveringsstedar med på matreddinga.

FLEIRE SERVERINGSSTADAR: Fram til no er 1500 butikkar og serveringsstedar med på matreddinga. Foto:

Sju kommunar i fylket er med

I dag er 1500 serveringsstader over heile landet med. 23 av desse er i Sogn og Fjordane, spreidd utover sju ulike kommunar.

– Nesten alle porsjonane som leggast ut i appen i Førde blir redda, så det er tydeleg at folk i området har lyst til å hjelpe butikkane med å redde maten dei har til overs, og gjere ein innsats for miljøet, seier Johansen.

Artikkeltags