Året er 2000. Den meieriutdanna hollandske 39-åringen Henk van der Molen stig i land på Svanøy for første gong, på jakt etter jobb. Når han stig i land på kaia, blir den siste bølingen med mjølkekyr stua om bord på båten, klare for retur til fastlandet og seinare slaktehuset.

- Ha-ha! Kan du tenke deg ein slik start på Svanøy-tilveret, ler Henk høgt, med den karakteristiske smittande latteren sin.

- Det gjekk seg jo til. Jobb fekk eg raskt, og sjølv om eg ikkje visste så mykje om hjort då, så gjer eg det i alle fall no, slår han fast.

Ser mot Telemark

Men no er svanøyeventyret over. Etter 13 år som gardsbestyrar ved Stiftinga Norsk Hjortesenter er han og kona Wendy klare for nye utfordringar. Og nett som i 2000 let dei tilfeldigheitene til ein viss grad rå når nye kursar skal stakast ut.

- Vi har bestemt oss for Telemark. Ulefos-området helst - eller kanskje litt derifrå. Grunnen er at vi har gode vener der nede, og vi bestemte oss for å ta spranget då vi vitja dei siste gongen i fjor. Vi har korkje jobb eller hus å gå til førebels, men det skal nok ordne seg, meiner Henk.

Sjansane for at det ordnar seg er nok store for 52-åringen. For er det ein eigenskap du opparbeidar deg som gardsbestyrar på ei lita øy på Vestlandskysten, så er det allsidigheit.

- Eg har lært meg å røkte hjort. Og å behandle viltkjøtet som ressurs til kravstore kundar. Produktutvikling har eg drive på mange område - og i tillegg alt mogleg slags vedlikehaldsarbeid på garden. Meieriguten har blitt allsidig, og eg har fått vere med på ei eventyrleg reise på Hjortesenteret, seier Henk.

Familien på fire består også av to born. Eldstejenta på 19 har allereie flytta ut for skulegang, og sonen går på ungdomsskule i Florø. Difor er sommarferien sett som flyttetidspunkt. Når familien flyttar, misser også Svanøy Røykeri ein nøkkelperson i Wendy van der Molen, så også dei må truleg ut på jakt etter nye folk.

Godt øymiljø

- Eg meiner jobben eg forlet bør vere ei spennande utfordring. Det å bu på Svanøy har også vore ei god oppleving, med mykje trivelege folk og sterkt samhald. Men no er vi klare for nye utfordringar, seier Henk van der Molen.

Når hjortesenterleiar Johan Trygve Solheim no skal jakte på hollendarens etterfølgjar, er utgangspunktet slett ikkje verst.

- Det blir ikkje lett å erstatte Henk, men vi er positivt overraska over responsen på utlysinga vår. Vi har fått rundt 40 søknader og eit par av dei er svært interessante. Her er folk frå både inn- og utland og med svært ulik bakgrunn. Vi jaktar på nokon som er sjølvgåande og vedkomande må vere levande oppteken av dyr og folk, foredlingsarbeidet og i tillegg ha formidlingskunnskap, seier Solheim.

Må bu på Svanøy

Sjølv om Solheim stiller med eit ope sinn når han snart går laus på søknadsbunken etter søknadfristen 1. mars, har han eitt ufråvikeleg krav:

- Gardsbestyraren må bu på Svanøy, noko anna er ikkje praktisk gjennomførbart. Dette er ingen vanleg åtte til fire-jobb. Ein må vere til stades, seier Solheim, som sjølv flytta rett frå eit urbant Oslo-tilvere og til Svanøy i 1987.

- Eg har ikkje angra ein dag, reklamerer han.