Materialsug

Artikkelen er over 12 år gammel

Det er uvanleg stort sug i marknaden til byggjebransjen for tida.

DEL

Byggeriet i Florø har auka omsetninga med 30-40 prosent berre i høve til tilsvarande tid i fjor.

Det er ikkje berre når det gjeld isolasjon at det er problem med leveransar. Bransjen har lenge vore pressa når det gjeld interiør. No er også trelast i ferd med å bli ei mangelvare i vente på eit prishopp på 15-20 prosent frå 1. april. Frå oktober i fjor vil prisane på tre då ha hoppa med nærare 40 prosent.

– Vi ser ei viss hamstring, særleg på mykje etterspurde dimensjonar som 2-4 toms, fortel Bjørn Wefring i Byggeriet i Florø.

Artikkeltags