Har du eigen brønn, er det ikkje noko bønn

EIGE VATN: Får du drikkevatnet ditt frå ein slik, og ikkje eit kommunalt anlegg? Då bør du sjekke hos Mattilsynet om brønnen din er registrert, og viss svaret er nei er du pålagt å gjere det.

EIGE VATN: Får du drikkevatnet ditt frå ein slik, og ikkje eit kommunalt anlegg? Då bør du sjekke hos Mattilsynet om brønnen din er registrert, og viss svaret er nei er du pålagt å gjere det. Foto:

FLORØ: Viss brønnen din gir drikkevatn til meir enn ein bustad, skal den registrerast hos Mattilsynet, seier ny forskrift. Trøysta er at det er gratis.

DEL

Har du hugsa å registrere brønnen din, spør Flora kommune på sine heimesider. Dei viser no til den nye drikkevassforskrifta som kom i 2017, der alle vassforsyningssystem som gir vatn til meir enn eit hus eller ei hytte, no skal vere registrert hjå Mattilsynet.

Alle brønnar som produserer mindre enn ti kubikkmeter vatn i døgnet kan nytte eit forenkla registreringsskjema. Registrereringa er heilt gratis og kan gjerast på mobil, og skjema finn du på Mattilsynet sine nettsider.

Den pålagte registreringa er ikkje berre viktig for Mattilsynet. Ved å vite kvar folk får drikkevatnet sitt frå, kan også kommunane ta omsyn til dette i sitt arbeid, når dei til dømes planlegg arealbruk i området der du bur eller har hytte. Eit eksempel kan vere at kommunen då kan ta omsyn til brønnen din om dei skal leggje nyt kloakk og avløp i nærleiken.

Kravet om at alt drikkevatn skal vere registrert er nedfelt i drikkevassforskrifta. Har du spørsmål i samband med brønnen din kan du kontakte Mattilsynet på 2240000.

Artikkeltags