Dei vil ha deg som etekompis

KF Bordgleder, Johhny Jacobsen, Karianne Torvanger, Bente Nilsen, Røde Kors, Etekompis

KF Bordgleder, Johhny Jacobsen, Karianne Torvanger, Bente Nilsen, Røde Kors, Etekompis Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Røde Kors Flora og KF Bordgleder meiner maten smakar best om ein har nokon å ete den saman med.

DEL

Å få i seg mat som einsleg og eldre heimebuande kan ofte vere ein utfordring. Mat smakar best når ein har nokon å dele den med, og det er ei kjend problemstilling at mange eldre, både heimebuande og på institusjon, er underernærte. Dette vil Flora Røde Kors og KF Bordgleder ta tak i. Karianne Torvanger er leiar for levekårsutvalet, og styreleiar i Borddgleder. Ho fortel at dei lenge har hatt eit fokus på å betre mattilbodet til dei heimebuande. Neste steg på den vegen er det nye prosjektet «Etekompis».

Motivasjon

– Mange slit kanskje med motivasjon til å ete, dei er einsame til dømes. Vi veit jo sjølv at mat smakar betre når vi kan ete i lag med nokon. Underernæring blir peika på som eit generelt problem, men eg trur ikkje vi har spesielt store utfordringar med det i vår kommune. For Bordgleder si del handlar det om å gjere tiltak for å bøte på både matlyst og selskap i måltida. Vi har for litt sida gjennomført ein stor brukarundersøking som vi fekk hjelp av Flora VGS til å ta. Etter den var gjennomført og vi arbeida oss gjennom resultata så blei prosjekt ønskekost sett i gong. Det går kort fortalt ut på at heimebuande som får mat av oss skal ha moglegheit til å velje sjølv når dei vil ete middag og kva dei vil ete. Dei får ein meny der dei kvar veke kan velje mellom 12 ulike rettar. Etekompis er det neste prosjektet vi vil sette i gang for å betre mattilbodet til eldre heimebuande.

For å kunne få ein Etekompis må ein vere kunde og få mat levert av Bordgleder, men maten til etekompisen er det Bordgleder som spanderer. Det vil med andre ord ikkje koste noko ekstra å få besøk av ein middagsgjest, verken for den eldre, eller for etekompisen. Bente Nilsen i Røde Kors Flora seier at det er berre å melde seg om dette høyrest kjekt ut.

Ta kontakt

– Det er kjekt å ha nokon å ete i lag med. Dette blir ein utvikling av besøkstenesta vår som fleire har etterlyst. Dei frivillige har lyst til å gjere det, så nå prøver vi det ut. Vi vil gjere det skikkeleg, og vi vil bruke tid på det. Om det er nokon som bur heime, og tenker at dette høyrest kjekt ut er det berre å ta kontakt med meg. Det er ikkje slik at dette er berre for dei som allereie er påkobla heimetenesta.

– Kor ofte er det lagt opp til at etekompisen skal komme på besøk?

– Utgangspunktet er to gonger i månaden, men det er litt opp til den frivillige. Nokon vil kanskje komme på besøk ein gong i veka, og det er greitt det også.

– Og dei frivillige skal kursast før det får lov til å bli etekompisar?

– Dei skal på kurs ja. Det handlar om at dei skal bli trygge i rolla si, lære om teieplikt og slikt før dei besøker dei som bur heime.

Bordgleder og Røde Kors er no på jakt etter frivillige som kan tenke seg å bli etekompisar. Dei tek sikte på å komme i gong til hausten.

Artikkeltags