No kan Ole Jonny setje «kokkens sjølvskotne hjort» på menyen

GODE HJELPARAR: Gourmetkokk og restaurant-gründer Ole Jonny Eikefjord (t.h.) i lag med guide Anders Neteland.

GODE HJELPARAR: Gourmetkokk og restaurant-gründer Ole Jonny Eikefjord (t.h.) i lag med guide Anders Neteland. Foto:

Av

SVANØY: Oppskrifta på korleis Ole Jonny Eikefjord blei jeger, inneheld litt uvanlege ingrediensar: Ei raus bursdagsgåve til ein verdsmeister, eit intensivkurs på Flå - og ein invitasjon til å lage mat for sju jegerjenter på Svanøy.

DEL

Det går mot kveld i Svanøy-skogane. Oppe i tårnet sit ein kar heilt urørleg i regnet. Han er fersk, han er spent og han er utålmodig. I over ein time har stjernekokk, restaurantgründer og kokebokforfattaren sitte og nistirra på hjorten på andre sida av skogholtet. Først på 200 meter, så på 150 meter. Men hjorten kjem ikkje nærmare, og dei siste restane av dagslyset er i ferd med å svinne.

- Eg hadde nesten gitt opp. Men endeleg beita dyret seg 30-40 meter mot meg, og eg fann det forsvarleg å skyte. Og herregud for ein puls eg hadde! Om hjorten hadde kome fem minuttar seinare, hadde det vore for mørkt.

– Ei draumehelg

Vi snakkar med Ole Jonny Eikefjord på telefonen, vel tilbake i Oslo etter ei uforgløymeleg helg med hjortejakt på Svanøy. Den ferske hjorteskyttaren har heilt tydeleg framleis ikkje landa etter det han beskriv som eit adrenalinrush av den sjeldne sorten.

sitat ole jonny 

- Tenk å få kome heimatt til Vestlandet, kjenne sjølukta i nasen, reise ut til vakre Svanøy og attpåtil få vere med på noko så spennande. Betre kan ein ikkje ha det, seier Eikefjord, som til dagleg driv eit god knippe høgkvalitetsrestaurantar i hovudstaden, mellom anna Restaurant Eik og fiskerestauranten Fjord.

Utfordra verdsmeisteren med gåve

Ole Jonny Eikefjord har i mange år tenkt på å kome i gang med å jakte sjølv. Oppvaksen i Førde, midt i Sunnfjord der jaktkulturen står sterkt, har jakta heile tida lokka. Men så var det dette med tida, då.

PLANLEGGING: Ei god planleggingsøkt er ofte forskjellen på suksess og fiasko før ei jaktøkt. Her er gjengen samla på kjøkenet på Norsk Hjortesenter på Svanøy.

PLANLEGGING: Ei god planleggingsøkt er ofte forskjellen på suksess og fiasko før ei jaktøkt. Her er gjengen samla på kjøkenet på Norsk Hjortesenter på Svanøy. Foto:

- Eg har aldri heilt funne rom for å ta jegerprøva. Men i vår fann vi løysinga, kompisen min Terje og eg, fortel han.

Og kompis Terje er ingen ringare enn kokkeverdsmeister Terje Ness, som har mykje same bakgrunnen som Ole Jonny, mellom anna som lærlingar på Sunnfjord Hotel i Førde. Deretter har dei sett både Norge og restaurantane sine på det kulinariske verdskartet, og stått i spissen for bruken av gode, kortreiste råvarer - ikkje minst viltkjøt.

Eikefjord sin plan lukkast fullt ut: Han skulle i bursdag til Terje Ness og kjøpte likegodt eit jegerprøvekurs til kompisen. Den utfordringa tok Terje på strak arm, og dermed var det berre for Ole Jonny å melde seg på same kurset. I vår bar det av garde til Norges Jeger og Fiskerforbund sitt kurssenter på Flå i Hallingdal. Der blei det fem dagar med intensiv kursing både i teori, regelverk våpenhandtering, jaktetikk og praktisk skytetrening.

Rosar Svanøy-kompetansen

- Eksamen gjekk greit, og vi var blitt jegerar på papiret. At vi deretter fekk sleppe til hos Johan Trygve Solheim og debutere med så mange flinke hjelparar rundt oss, er eg svært takksam for, seier Ole Jonny, som er imponert over kompetansen Svanøy-gjengen demonstrerte i helga.

PÅ SLAKTERIET: - Å sjå så flinke folk handtere eit slakt er svært givande for meg, seier Ole Jonny Eikefjord (bakerst). Til høgre Anders Neteland, og Johan T. Solheim og Terese Tenden (Førde) til venstre.

PÅ SLAKTERIET: - Å sjå så flinke folk handtere eit slakt er svært givande for meg, seier Ole Jonny Eikefjord (bakerst). Til høgre Anders Neteland, og Johan T. Solheim og Terese Tenden (Førde) til venstre. Foto:

- Å få vere med å sjå desse ekspertane vomme ut og handtere eit viltslakt er verkeleg ei oppleving. Det ser så lett ut, og dei har stålkontroll. Dette gir heile jakta ein ny dimensjon for meg som kokk, seier Ole Jonny, som i skrivande stund ventar utålmodig på ein stor pakke frå Svanøy.

- Hjorten eg skaut får eg i hende på torsdag. Om ikkje lenge må eg lage ein meny der kokkens sjølvskotne hjort står på menyen. Akkurat kven av restaurantane den hamnar på, har eg ikkje heilt bestemt enno, seier han.

Mat til damene

Terje Ness og Ole Jonny Eikefjord hadde også ei anna viktig oppgåve under jakthelga. Dei skulle lære sju andre kvinnelege jegerdebutantar å lage god mat av hjortekjøt.

- Det var berre heilt fantastisk. Både jakta, stemninga og ikkje minst det dei to superkokkane bidrog med, gjorde dette til ei helg vi aldri vil gløyme, seier initiativtakar til opplegget, Ellinora Høyvik Grimelid.

Ho er kvinnekontakt i Flora Jeger og Fiskerforening og fekk raskt napp hjå deltakarar frå Måløy i vest til Telemark i aust, og totalt var dei sju jenter som sette kursen mot Svanøy sist fredag.

- Tilbakemeldingane er strålande frå alle deltakarane, og eg håpar vi kan møtast igjen og gjere noko liknande.

GODT NØGD: Initiativtakar til jentejakt-helga, Ellinora Høyvik Grimelid. Ho er kvinnekontakt i Flora JFF og tek gjerne ein ny runde med ferske jegerjenter på øya til neste år.

GODT NØGD: Initiativtakar til jentejakt-helga, Ellinora Høyvik Grimelid. Ho er kvinnekontakt i Flora JFF og tek gjerne ein ny runde med ferske jegerjenter på øya til neste år. Foto:

Den tanken er verten sjølv, Johan Trygve Solheim, open for.

- Ni ferske jegerar skaut sju hjortar der alt blei utført prikkfritt etter boka. Når ein få så flinke ferskingar på besøk, er det berre ei glede å bidra til at vi får fleire jentejegerar i skogane våre. Når vi i tillegg kan gjere jegerar av eit par kokkar, så er det også stor stas, smiler Solheim.

Artikkeltags