Markerer psykisk helsedag i Bremanger

Artikkelen er over 12 år gammel

BREMANGER: Ann Kristin Bråten og Heidi A. Nygård i tenesta for psykisk helse i Bremanger kommune har teke initiativet til av Verdsdagen for psykisk helse måndag 10. oktober.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Hovudmarkeringa er lagt til Svelgen, med utdeling av brosjyrar og informasjon på ein eigen stand utanfor Coop’en om ettermiddagen og eit ope møte på Svelgen Hotell om kvelden. Her vil mellom andre Bente Fure frå psykiatrisk poliklinikk i Florø halde foredrag om angst og depresjon. Gerd Bjørkedal frå Mental Helse og driftssjef for tenesta for psykisk helse i Bremanger, Børre Taklo, vil også delta med faglege innslag. Det blir også servering til dei frammøtte. Også i ytre Bremanger blir dagen markert, med stand ved Spar-butikken på Hauge, og dei to initiativtakarane håpar at folk frå heile kommunen finn vegen til Svelgen om kvelden.

– Det er utruleg viktig å få markert denne dagen. Vi må få meir openheit om psykiske lidingar og få dei sidestilte med til dømes det å bryte eit bein. Folk opplever det som skremmande å ta kontakt med dei som er psykisk sjuke, det heng dessverre framleis mange fordommar att omkring psykiske lidingar, seier sosionom og fagleg leiar for den psykiske helsetenesta i Bremanger, Ann Kristin Bråten.

Barn og nettverk

Temaet for Verdsdagen for psykisk helse i år, er barn, familie og nettverk, difor legg Ann Kristin Bråten og sjukepleiar Heidi A. Nygård i Bremanger også opp til ei eiga markering for ungdom 1. november. Denne markeringa blir på Svelgen skule i skuletida og er eit tilbod til alle ungdomsskuleelevane i kommunen. Ungdomskontakt Silje Dalseide frå Mental Helse vil vise filmen ”Hva er det med Monica” og svare på spørsmål frå elevane. Driftssjef Børre Taklo og helsesøstrene i kommunen vil også vere til stades. Det blir sett opp busstransport både frå ytre og Davik til Svelgen.

– Det er slett ikkje alle som har ein familie og eit nettverk rundt seg, og i enkelte periodar i livet er vi meir sårbare enn elles. Det er viktig å orientere om kvar det er hjelp å finne, og få både ungdomar og vaksne til å søkje hjelp på eit tidleg tidspunkt, meiner dei to helsearbeidarane.

Lokalt hjelpeapparat

Verdsdagen for psykisk helse blir markert 10. oktober kvart år, men det er første gongen det er eigne arrangement i Bremanger kommune, og det takka vere økonomisk støtte frå Mental Helse sentralt, Klubben i Leirgulen, Svelgen Sanitetsforening og Svelgen Røde Kors.

– Utan deira støtte hadde vi ikkje fått det til, og no håpar vi å kunne gjere dette til ei årleg markering, først og fremst for å gjere folk i kommunen merksame på at det finst eit hjelpeapparat lokalt, seier Heidi A. Nygård.

Ho og Ann Kristin Bråten har registrert at behovet for hjelp er aukande, i dag har dei mellom 35–40 brukarar inne i eit fast opplegg, men dei får nye brukarar mest annakvar veke, tilviste frå lege, sosialkontor, helsesøster, heimeteneste, institusjonar og familie, eller ved at brukarane sjølve tek kontakt.

Artikkeltags