- Måndag kjem vi til å stenge Markegata ved Victoriakrysset. Då må all trafikk frå aust gå gjennom Victoriakrysset, opp forbi sjukehuset, og anten via Kinnvegen mot Havreneset eller Michael Sarsgate. Store bilar til bedriftene må gå via Kinnvegen til Havreneset.

Det presiserer Thor-Arne Ullaland i Trygve Ullaland AS.

Krysset kjem til å bli stengd heile neste veke.

- Vi reknar med at gata kjem til å opne att på fredag. Etter dette stenger Torggata att, slik at vi kan ferdigstille gata opp mot sjukehuset med kantstein, gatelys og intensivbelysning, seier Ullaland.

Fristen for å få alt ferdig er 17. mai 2016. Då skal strekket frå sjukehuset ned Torggata, over Markegata og heilt til ankeret utforbi Sparebanken Sogn og Fjordane utbetrast. Dei skal også legge nye vass- og avløypsrøyr i same slengen.

- Etter kvart som vi arbeider, vil det nok bli forskjellige køyreløysingar alt etter kor vi grev henne. Eg vil difor oppfordre bilistane til å følge med på skiltinga, sa Ullaland til Firdaposten i oktober, då gravinga byrja.