Åtvarar mot fordyring

PERFEKT? Styreleiar i Flora nærings og industriforening, Bjørn Hollevik, er redd for at tanken på ei fordyring med å dra inn att Markegata Aust som innfartsveg (bak)   kan føre til at utbetring av Markegata kan verte utsett med fleire tiår.		   Foto Olav Hatlemark

PERFEKT? Styreleiar i Flora nærings og industriforening, Bjørn Hollevik, er redd for at tanken på ei fordyring med å dra inn att Markegata Aust som innfartsveg (bak) kan føre til at utbetring av Markegata kan verte utsett med fleire tiår. Foto Olav Hatlemark

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Å gå i gang med ein ny runde i Markegata aust, kan føre til at ei opprusting av Markegata kanskje aldri kjem i gang i det heile.

DEL

Det fryktar Bjørn Hollevik, leiar for Flora Industri og Næringsforening (FIN). Han har lite til overs for ei gjenopning av Markegata aust som ny innfartsåre til sentrum i Florø.

Vegvesenet er i gang med ein plan for opprusting av siste stykket på Rv. 5 fram til Fugleskjærskaia i Florø, for at denne skal komme inn på neste regionale transportplan frå 2017-2021. Nyleg inviterte dei til ope hus i Florø, for å invormere om planane sine. Her lanserte dei ei gjenopning av Markegata aust som eit betre alternativ enn dagens løysing gjennom Skudalen, opp bakken mot SMS og Samfunnshuset.

Fordyrande

– Det vil vere heilt feil å henge på eit slikt fordyrande element som det er å lage til ei ny trafikkmaskin gjennom eit område med mange bustadhus. Det vil koste langt meir enn berre å utbetre Markegata frå Samfunnshuset til Fugleskjærskaia. Det kan føre til heile fornyinga av Markegata aldri kjem i gang, åtvarar Hollevik.

Han er oppteken av at Markegata må utbetrast på ein slik måte at det skjer fort og effektivt, men at det samstundes blir tryggare for dei mjuke trafikantane. Særleg i det såkalla «Victoriakrysset» har store vogntog ofte store utfordringar med å manøvrere seg gjennom krysset. Her må det gjerast noko. Han meiner og at trafikken gjennom Skudalen fungerer godt nok om ein kan få til ei rundkøyring i krysset ved Amfi.

Perfekt

– Industrien ønsker ein veg som fungerer no, ikkje ei perfekt løysing som kjem ein gong langt inn i framtida, seier Hollevik og viser til andre døme på vegar i Florø som aldri ser ut til å verte bygde, fordi ein vil ha det perfekte som kostar for mykje. Eit døme er alternativa av Lindheimsvegen.

– Riksveg 5 er ein riksveg som staten finansierer, medan Lindheimvegen er ein kommunal veg. Det er ein viss forskjell?

– Uansett om det er kommunal veg eller ein riksveg, kan slike tillegg gjere til at det aldri vert gjennomført. Eg tek heller imot eit mindre prosjekt som vi får meir att for, seier FIN-leiaren.

Artikkeltags