Gå til sidens hovedinnhold

Idéen Trond Strømgren var med på å pønske ut kan kutte 23 prosent av utsleppa i Norge. No jobbar ein med å realisere den.

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORØ: Hydrogenproduksjon kan gje mange moglegheiter for næringslivet i regionen.

Maritim Forening Sogn og Fjordane er tungt involvert i eit grensesprengande innovasjonsprosjekt som kan bidra til å redusere CO₂-utslepp frå norsk sokkel. Det er viktig, i og med at 23 prosent av dei totale norske CO₂-utsleppa kjem frå installasjonar på norsk sokkel. Maritim Forening er ein av partnarane i eit TechnipFMC-eigd prosjekt som ser på produksjon og lagring av hydrogen ved hjelp av vindturbinar til havs. Med tida kan miljøvennleg hydrogen produsert på staden bli hovudenergikjelda til plattformene på sokkelen.

Prosjektet blei for første gong omtala offentleg i ein publikasjon som var tilgjengeleg på ONS i Stavanger denne veka.

– Responsen frå dei vi snakka med var stort sett «kvifor har ingen tenkt på dette før», seier seniorkonsulent Trond Strømgren i Maritim Forening Sogn og Fjordane.

Les også

Statsministeren open for draghjelp til hydrogensatsinga

Hydrogenproduksjon

Strømgren er personleg tungt investert i prosjektet: Han var ein av berre 27 i Norge som fekk vere med på Forskingsrådet sin idélab i juni 2016. Kort fortalt danna deltakarane eigne grupperfor å komme opp med innovative energiløysingar til dei havbaserte næringane. Gruppa Trond var med i vann konkurransen om det beste konseptet. Og konseptet dei hadde komme opp med var nettopp hydrogenproduksjon og lagring på sokkelen.

Konseptet blei så kjøpt opp av TechnipFMC, som no arbeider for fullt med å realisere prosjektet. Maritim Forening, SINTEF og Subsea Valley er partnarar i prosjektet.

– Konseptet går ut på å bygge tre etasjar med elektrolysørar inne i foten av vindturbinen. Det er desse elektrolysørane som produserer hydrogen av den vindgenererte straumen. Straumen kan nyttast direkte på plattformar eller energien kan lagrast i form av hydrogen i subseatankar på havbotnen til det er behov for det, seier Strømgren.

– Er ikkje problemet med hydrogenproduksjon at det krev så mykje energi? Korleis får ein til det ute til havs?

– Vindturbinane som er tenkt ute på sokkelen, mellom anna dei Equinor planlegg, har generatorar på 8 MW. Det er nok til å produsere store mengder hydrogen, svarar Strømgren.

Revolusjonerande tankar

Det er fleire fordelar med hydrogenproduksjon på sokkelen, og ikkje «berre» at hydrogenkrafta i seg sjølv erstattar dei forureinande gassturbinane på plattformene med nullutsleppsenergi. Det gir også plattforma ei stabil kraftforsyning.

Eit viktig element når det gjeld forsynignsstabilitet er subseatankane som er knytt til kvar hydrogenvindmølle. Denne måten å lagre hydrogen på, gir ei rekke fordelar over det å lagre hydrogen på land. For det første er det lite eksisterande infrastruktur på havbotnen å ta omsyn til; det er bortimot uavgrensa plass.

– Trykket på havbotnen gir dessutan eit naturleg mottrykk til trykket inne i tankane. Det er også tryggare: Ingen skip vil kollidere med dei, og konseptet er bortimot terrorsikkert. Skulle det bli lekkasje i ein tank, blir resultatet berre boblar på overflata.

Tankane revolusjonerer også måten skip vil kunne fylle hydrogen på i sentrale hamneområde. Ved å plassere separate hydrogentankar nokre hundre meter frå land, og dra ei leidning inn mot fyllestasjonen på land, gjer ein fylling mykje tryggare og plassbesparande.

Moglegheiter for regionen

Medan TechnipFMC og SINTEF står for den tekniske utviklinga av konsept, vil Maritim Forening med sitt kontaktnett fungere som eit bindeledd til petroleumsnæringa og den maritime næringa i Sogn og Fjordane. Og det er ikkje negativt at fylket arbeider for å bli den ubestridte hydrogenregionen i Norge.

– Dette gir uante moglegheiter for levering av produkt for næringslivet her i regionen. Timinga er også veldig god, no er petroleumsnæringa meir og meir retta mot fornybare energiløysingar for sokkelen. Og så er det heller ikkje negativt at Equinor no har gått i gang med å greie ut eit vindparkprosjekt mellom Gullfaks og Snorre – altså like utanfor kysten vår, seier dagleg leiar Stein Kvalsund i Maritim Forening.

– Men er dette berre ein vill idé, eller vil dette konseptet nokon gong realiserast?

– Dette er noko som blir knytt stor interesse til, både nasjonalt og globalt. Vi veit næringa er fokusert på fornybar energi. Forskingsrådet har dessutan gitt ein betydeleg sum pengar til prosjektet. Eg trur vi vil sjå teknologien i bruk om nokre år, svarar Strømgren.

Kommentarer til denne saken