Gå til sidens hovedinnhold

Mann berserk i Svelgen

Artikkelen er over 18 år gammel

SVELGEN: Natt til laurdag gjekk ein mann berserk i Svelgen, først på ein utestad og seinare på ein campingplass. Mannen klarte i begge tilfella å stikke før politiet kom til staden.

Det var i 3-tida natt til laurdag at politiet fekk melding om slåssing på utestaden Trolloftet i Svelgen. Då ein politipatrulje kom til staden, fekk dei opplyst at ein mann hadde gått laus på både folk og inventar på utestaden. Gjerningsmannen var allereie fordufta då politiet kom til Trolloftet, han hadde lukta lunta og stukke av.

Rabiat på campingplass

Seinare på natta fekk politiet melding om bråk på campingplassen i Svelgen, og rykte ut for å sjekke dette. Då hadde same mannen gått laus på både folk og bilar på campingen, men hadde atter ein gong stukke av før politiet kom til staden. Vitne opplyste at mannen hadde reist heim. Politiet veit kven den valdelege mannen er, og han vil bli meldt over helga.

Ny slåsskamp

Natt til søndag i halv eitt-tida fekk politiet på ny melding om slåssing på Trolloftet i Svelgen.

Denne gongen var det ikkje same person som føregåande natt, men to kamphanar som politiet måtte skilje. Mennene vil bli melde over helga.