Måløyraidsenteret er redda

OVERLEVDE: Kinn kommunestyre redda Måløyraidsenteret frå konkursens rand.

OVERLEVDE: Kinn kommunestyre redda Måløyraidsenteret frå konkursens rand. Foto:

MÅLØY: Formannskapet sa nei, men no har kommunestyret i Kinn redda Måløyraidsenteret frå konkurs.

DEL

Firdaposten melde før helga at det kunne gå mot ei løysing for Måløyraidsenteret. Formannskapet i Kinn kommune sa i første omgang nei til å hjelpe stiftinga bak senteret med den skakkøyrde økonomien, men etter å ha jobba med kreditorane og fått redusert beløpet kommunen måtte løyve for å redde senteret frå 8,9 til 3,3 millionar, fann politikarane i kommunestyret ut at dette var ei løysing dei kunne gå for.

Høgre, Venstre, Framstegspartiet og Senterpartiet hadde eit alternativt forslag til løysing, der kommunen overtok eit lån stiftinga har, på over fem millionar kroner. Men gruppa til Senterpartiet delte seg i to, og sikra at det var rådmannen sitt framlegg som blei vedteke. Stiftinga må slite med lånet sitt sjølv.

Styreleiar i stiftinga Måløyraid senteret, Norvall Bakke, ønska at kommunen skulle ta over lånet. Han var likevel nøgd med utfallet. Til NRK seier han at drifta vidare blir krevjande, men med ein del dugnad, andre tilskot, og aktiv marknadsføring, meiner han det er lagt eit godt grunnlag for å få til ei positiv drift av senteret.


Artikkeltags