Mann vifta med kniv i Måløy

DEL

Det var rundt klokka 22.30 torsdag kveld at poltiet vart kontakta av personalet i ein butikk i Måløy. Ein mann hadde med seg ein kniv som han vifta med, og dei tilsette opplevde situasjonen som ubehageleg.

Til Fjordenes Tidende seier tenesteleiar ved Vågsøy lensmannskontor, Nils Bakke, at politiet rykte ut og fekk kontroll på mannen utan noko form for dramatikk.

Mannen vart teken hand om av helsepersonell.

Artikkeltags