15 millionar til marint forskingssenter i Måløy

Randi Humborstad i Måløy Vekst (nr. to frå høgre) på fylkestinget onsdag.

Randi Humborstad i Måløy Vekst (nr. to frå høgre) på fylkestinget onsdag.

FLORØ: Fylkestinget opna lommeboka for innovasjonsprosjekt i Måløy.

DEL

Ei gladmelding for alle som ønskjer innovasjon på kysten av fylket: Onsdag vedtok Fylkestinget å løyve 15 millionar kroner til det planlaget marine forskingssenteret i Måløy.

- Vi er godt nøgde og vil takke fylkespolitikarane våre, som samrøystes har gått inn for å støtte MMR, seier Randi Humborstad i Måløy vekst.

Ho peikar på at prosjektet passar godt inn i fylkeskommunen sin strategi for verdiskaping på kysten, og med nasjonale planar for satsing på marine næringar og havrommet.

- No har fylkestinget vist veg, og no håpar vi også på støtte frå kommunar og lokale bankar, seier prosjektleiarane.

Måløy Marine Ressurssenter (MMR) er eit samarbeid mellom marine bedrifter, Biovitenskapleg fakultet (BIOVIT) på Norges Miljø- og Biovitenskaplige Universitet (NMBU) og Måløy vidaregåande skule. Lokale næringsaktørar som Marine Harvest, Ervik Havfiske, Onshore Farming Solutions og Ecobait vil bli  brukarar av Måløy Marine Ressurssenter, og dermed bidra til å sikre inntektsgrunnlaget for senteret. Den næringsretta forskinga som allereie foregår i regionen skal bli del av eit større marint forskningssenter.

Artikkeltags