Tre dagars Elvis-fest for femte gong

Artikkelen er over 1 år gammel

Kommande veke byr Måløy på Elvis-festival for femte gong, med premiere på Elvis-film, og Pål Granlund på programmet.

DEL

I fjor var det 40 år sida Elvis Presley døde. I år er det Elvis-festivalen i Måløy som har jubileum. festivalen arrangerast i år for femte gong. Med kommunesamanslåinga der Måløy og Flora blir til Kinn stadig nærmare i horisonten er det framleis ingen som har stilt det viktige spørsmålet. Når blir Florø med på Elvis-festen?

– Det nærmar seg at vi er i same kommune ja, om det betyr at det blir arrangement både i Måløy og i Florø? Det må du nesten spørje festivalsjef Helge Hjelle om, eg veit ikkje. Eg er no berre med og hjelper til litt.

Skup

Det er Geir Andreas Tharaldsen som er på tråden. Sjølv om han berre hjelper til litt, har han fått- eller tatt, tittelen som Elvis-ansvarleg. Ein av oppgåvene er å få Firdaposten til å skrive nokre ord om årets festival, og som den observante lesar allereie har resonnert seg fram til er det ein oppgåve han klarer med glans. I år har dei fått snikra saman eit sterkt program der oppe i Måløy.

– Det blir veldig bra. Vi begynner allereie på torsdag. Den er utseld, eller kjem til å bli det, så der kjem vi til å sette opp ein ekstrakonsert. Og så har vi eit scoop i år. Vi har klart å få til førpremiere på ein heilt ny Elvis-film. Den har fått premiere 16. august, men vi har fått lov til å vise den veka før sidan vi er ein Elvis-festival.

Filmen det er snakk om er Elvis '68 Comeback Special, og kynikarar vil kanskje meine at det å kalle det for ein ny film er å overdrive litt. Det er snakk om ein feiring av at det er femti år sida det legendariske TV-showet som tok Elvis tilbake til musikken etter fleire år der dei meir eller mindre håplause Elvis-filmane hadde vore i fokus. Men dei lokkar med nytt materiale som ikkje blei med på TV, og intervju med folk som var med. Comeback-spesialen er uansett eit så ikonisk augeblikk i musikkhistoria at dette bør vere obligatorisk sjølv for ikkje-ihuga Elvis-fans.

Pål Granlund

I tillegg til det vante programmet med paradar og konsertar både på utescener og i festivalteltet har festivalen i år fått sjølvaste Pål Granlund til å kome på besøk. Granlund er bror til Trond Granlund, og skaffa bror sin si første jobb som gitarist i bandet Jailhouse Rock tilbake i 1972. Pål Granlund er likevel mest kjend som grunnleggar av den norske Elvis-fanklubben Flaming Star i 1965 og han skal fortelje om sine møter med Elvis både fredag og laurdag.

– Pål Granlund er den mannen i Europa som har møtt Elvis flest gonger. Fem gonger faktisk, og han har litt av kvart å fortelje, avsluttar den Elvis-ansvarlege entusiasten Tharaldsen.

Artikkeltags