Her spyler brannvesenet måsen under Måløybrua rein til nasjonaldagen

17. maivask: Også måsen under Måløybrua må få seg ei spyling før nasjonaldagen.

17. maivask: Også måsen under Måløybrua må få seg ei spyling før nasjonaldagen. Foto:

DEL

– Alt må vere reint til dei glade maidagane, ikkje eni gong krykkjene slepp unna. Fuglane har funne seg ein plass med støv og skit frå bilane både på og under Måløybrua, og det måtte derfor takast i bruk drastiske verkemiddel for å reingjere dei, seier Sissel Holvik til Firdaposten.

Førre veke tok ho desse bilda av brannvesenet i Vågsøy som for n-te gong må ut for å hjelpe vegvesenet med å spyle vekk måsen som har slått seg ned oppå nokre røyr under Måløybrua. Måsen både skit og skapar krøll i trafikkbildet rundt den omstridte reirplassen. Brannvesenet har løyvefrå Fylkesmannen til å prøve fjerne måsen.

Det ser ganske dramatisk ut å bli spylt av ein brannslange, men måsen let seg ikkje skremme nemneverdig av vårvasken.

– Kort tid etter var dei attende på plassane sine under brua. Der sit dei reine og nøgde, klare til å feire resten av mai og hekketida framover, humrar Sissel.

REIR: Måsen har laga seg reir under Måløybrua. Kort tid etter vasken var dei attende.

REIR: Måsen har laga seg reir under Måløybrua. Kort tid etter vasken var dei attende. Foto:

Artikkeltags