Rådmannen hadde tilrådd framføring av vatn frå Hamrøy til Smørhamn til ein kostnad av 420 000 kroner, men i kommunestyret kom det fram opplysningar om at vasstrykket var for dårleg, og politikarane valde å utsetje saka. Administrasjonen fekk i oppgåve å framskunde planane med å legge ny vassleidning frå Ryland vassverk, som vil sikre vassforsyninga både til fiskeindustrien og abonnentar elles i Kalvåg-området.
Må vente på kommunalt vatn
Artikkelen er over 17 år gammel
Søknaden om å få lagt fram kommunalt vatn til Smørhamn vart ikkje realitetshandsama då kommunestyret i Bremanger hadde den føre på siste møtet.